Kvifor er amerikansk utanrikspolitikk så viktig for Noreg?
- Kva er transatlantiske relasjonar?
- Kva fire «bein» kan vi seie at det transatlantiske forholdet har stått på?
- På kva måte skil Trump seg frå tidlegare amerikanske presidentar i synet på internasjonal politikk?
- Kva kan vi forvente at vil skje?
Det amerikanske valet er viktig for oss i Noreg fordi vi i mange år har hatt eit tett forhold til USA. Det vi kallar transatlantiske relasjonar eller samarbeid ligg til grunn for nesten all norsk utanriks- og tryggingspolitikk.
Omgrepet "transatlantiske relasjonar" viser til alle dei banda som i dag finst mellom land i Nord-Amerika, USA og Canada, og Europa – på tvers av Atlanterhavet. Det rommar alt frå forsvarssamarbeid og handel, til samarbeid i internasjonale organisasjonar som FN, samarbeid mellom politikarar, og alle studentane som studerer i USA og motsett. Samarbeidet mellom USA og Europa har vorte bygd opp under amerikansk leiing sidan andre verdskrig. Først mellom USA og Vest-Europa, og etter at den kalde krigen mellom USA og Sovjetunionen (no Russland) var slutt, mellom USA og nesten heile Europa.
Forskarar seier gjerne at det transatlantiske forholdet har stått på fire bein: Tryggleik, internasjonalt samarbeid, handel, og fellast liberale verdiar, som demokrati og menneskerettar.
Etter fleire tiår med tett samarbeid er det ingen andre regionar i verda som i dag har så tette band som Nord-Amerika og Europa.
Kvifor er det så viktig for oss?
At det held fram med å vere sterke band mellom Europa og USA, og mellom Noreg og USA, er veldig viktig for oss i Noreg. Dette skal vi no forklare ved å gå inn på kvart enkelt av dei fire «beina» det transatlantiske forholdet har stått på:
1. Tryggleik: Forsvaret av Noreg er avhengig av NATO og eit nært bilateralt samarbeid (det betyr samarbeid mellom to land) mellom USA og Noreg. NATO er ein forsvarsallianse mellom 32 land i Europa og Nord-Amerika (USA og Canada) som er basert på ei gjensidig forplikting om at landa skal komme kvarandre til unnsetning viss dei blir angripne. Det er det vi kallar NATOs artikkel fem. For eit lite land som Noreg, med ein stor nabo som Russland, er det viktig å kunne stole på at USA og våre andre allierte kjem og hjelper oss viss det blir ein konflikt.
Etter at Russland gjekk til fullt angrep på Ukraina i februar 2022 er USA også viktig fordi mykje av hjelpa Ukraina får for å forsvare seg mot Russland har komme frå USA. Kva som skjer i Ukraina har mykje å seie for norsk tryggleik. Og Noreg og dei fleste andre europeiske land ønskjer ikkje ei verd der eit land kan ta over eit anna med bruk av makt.
2. Internasjonalt samarbeid: Det transatlantiske forholdet utgjer sjølve kjernen i det som ofte blir kalla det multilaterale systemet, det vil seie det internasjonale samarbeidet i FN og andre internasjonale organisasjonar, som vart bygde under USAs leiing etter andre verdskrig. Som dei fleste andre land i Europa, baserer Noreg politikken sin på at ulike konfliktar og felles utfordringar kan løysast gjennom samarbeid i ulike internasjonale organisasjonar, som FN, Arktisk råd, eller Verdshandelsorganisasjonen (WTO).
Særleg etter den kalde krigen har dette internasjonale samarbeidet vakse mykje. Også Kina og Russland vart med i mykje av dette samarbeidet, og lenge fungerte systemet bra. Dei siste åra har vi likevel sett at det er vanskelegare å samarbeide om ulike globale spørsmål som tryggleik og reglar for internasjonal handel. Særleg var Russland sitt fullskala angrep på Ukraina i 2022 eit brot på nokre av dei viktigaste reglane vi har i internasjonal politikk, om at det er forbode å bruke militær makt mot eit anna land. Men det er også meir konkurranse mellom Kina og USA sidan Kina no utfordrar USA som det mektigaste landet i verda, og det er mange land ønskjer å endre dagens internasjonale system.
Høyr podkast-episoden "Går verden slik vi kjenner den i oppløsning?":
3. Handel: USA og Europa er kvarandres viktigaste handels- og investeringspartnarar. USA, Canada og Europa har også vore forkjempar for eit internasjonalt handelssystem med felles reglar. Det er viktig for Noreg fordi norsk økonomi er basert på stor grad av internasjonal handel. Vi er ein liten, open økonomi, det vil seie at vi handlar mykje med andre land.
4. Liberale verdiar: Det transatlantiske samarbeidet er også ein verdifellesskap. Det vil seie at Europa og Nord-Amerika har meint at samfunna våre bør vere baserte på demokrati, prinsippet om rettsstat og respekt for menneskerettar. Sjølv om dette ikkje alltid har vorte følgt opp konsekvent i alle delar av utanrikspolitikken, har vi også delt ideen om at spreiing av slike verdiar er viktige for ein stabil og føreseieleg verdsorden. Det transatlantiske samarbeidet har også gitt Noreg ein sterkare posisjon i globale spørsmål gjennom ein fellesskap av land med liknande verdiar.
Korleis påverkar valet alt dette?
Valet i USA påverkar alt dette fordi den amerikanske presidenten bestemmer mykje av amerikansk utanrikspolitikk og dermed kva slags forhold USA skal ha til andre land. korleis ein president ser på internasjonal politikk har mykje å seie for kva slags politikk som blir ført.
Det transatlantiske forholdet har vore basert på ein felles idé om at tette alliansar, internasjonalt samarbeid, handel og demokrati er bra for alle partar. Tanken har vore at alle som er med i ein tryggingsallianse blir tryggare, samarbeid gjer det lettare å løyse felles utfordringar, handel gir økonomisk vekst for alle og demokrati skaper gode samfunn og meir stabilitet. Dermed har det vore stor semje om at eit sterkt transatlantisk samarbeid er nyttig – ikkje berre for Europa, men også for USA.
Samarbeidet har vore under USAs leiing, og USA har teke mykje av kostnadene, men amerikanske presidentar før Donald Trump har meint at det å ha mange allierte i NATO og mykje handel og samarbeid med Europa (og andre land), har vore bra både for amerikansk tryggleik og for amerikansk økonomi. Dette har det tidlegare vore semje om også i begge dei store amerikanske partia, Demokratane og Republikanarane.
Dei siste åra har vi sett to store endringar som gjer at transatlantiske relasjonar er i endring.
Den første endringa er at Kinas vekst har gjort at Kina, og ikkje Russland, i dag blir rekna som USAs største trussel og utfordrar. Endringa har ført til at USA bruker meir av energien sin på Kina og Asia, og dermed mindre på Europa. Dette starta under president Barack Obama og har vore tydeleg også under president Joe Biden.
Xi Jinping, president i Kina. Foto: NTB
NATO vart etablert av USA og land i Vest-Europa etter andre verdskrigen for å sikre felles forsvar mot Sovjetunionen. Etter at den kalde krigen var slutt, vart mange fleire land i Europa med i NATO og i Den europeiske unionen (EU), og NATO fokuserte meir på internasjonale operasjonar enn på forsvaret av landegrensene i Europa. Russlands fullskala invasjon av Ukraina har endra NATOs hovudoppgåver tilbake til forsvar av Europa og avskrekking av Russland. Men på grunn av eit større fokus på Asia er USA samtidig tydeleg på at Europa no må ta meir av ansvaret for sin eigen tryggleik. På grunn av fokuset på Kina vil dette kravet truleg berre forsterkast framover, men kven som er president er viktig for kor store og kor raske endringane vil bli.
Den andre endringa kan vi sjå i korleis delar av det republikanske partiet, særleg under Trump, ser på internasjonal politikk. Trump har eit heilt anna syn på internasjonal politikk og det transatlantiske samarbeidet enn vi i Europa har vore vande til. Det var nok derfor det var så overraskande for mange i Europa då han vart vald første gong, og vi såg korleis denne politikken gjekk føre seg. Etter fleire tiår med ganske lik politikk har nok mange europearar tekne eit tett forhold til USA for gitt.
Det er mange diskusjonar om kva som best beskriv Trumps utanrikspolitikk, men han blir ofte stempla som isolasjonist, altså ein som ikkje ønskjer at USA skal vere for involvert i verda der det ikkje direkte tener amerikanske interesser. Det er også semje om at han ser på internasjonal politikk meir som eit null-sum-spel – at nokon taper viss nokon vinn – meir enn at internasjonalt samarbeid kan vere gjensidig nyttig. Trump er dermed meir skeptisk til FN og internasjonalt samarbeid. Då han var president frå 2017-2021 trekte han til dømes USA ut av klimasamarbeidet. Han har også sett spørsmålsteikn ved om NATO og eit tett transatlantisk samarbeid verkeleg er så nyttig for USA som dei andre presidentane tidlegare har uttrykt.
Kva no?
Etter valet i USA 5. november vart det klart at Donald Trump nok ein gong blir president. Kva inneber det for oss? Ein må alltid vere varsam med å prøve å spå framtida, og det er heller ikkje lett å gjere det når det gjeld Trump.
Men basert på kva Trump gjorde førre gong han var president, frå 2017-2021, kan vi rekne med endringar i alle delane av det transatlantiske forholdet.
For det første må Europa ta meir ansvar for eigen tryggleik. Mange presidentar har sagt dette før Trump, men dei fleste forskarar forventar at USA no kjem til å overlate meir av forsvaret av Europa til europearane sjølv. Fokuset på Kina, som vil halde fram under Trump, forsterkar også dette. Om Trump trekkjer USA ut av NATO eller ikkje, står att å sjå, men Europa må uansett ta ein større del av kostnadene for europeisk tryggleik, og dei må samarbeide tettare for å kunne ta over meir av forsvaret frå USA. NATO er dessutan basert på tillit – på at både medlemmene og dei som kan tenkjast å angripe europeiske land faktisk trur på at vi vil klare å forsvare oss. Viss det er meir usikkert om den sterkaste makta i NATO, USA, vil komme oss til unnsetning, betyr det at NATO blir svakare, og vi må bli sterkare sjølv.
USAs støtte til Ukraina, og dermed Ukrainas framtid, er også ein del av dette biletet. Trump seier han vil avslutte krigen så fort som mogleg, men det avheng også av kva Russland og Ukraina ønskjer. I Europa er det no mykje diskusjon om korleis Europa kan halde fram med å støtte Ukraina med mindre støtte frå USA.
For det andre meiner Trump at USA må tene meir på handel med Europa og andre land enn USA gjer i dag, og at amerikansk industri må vernast meir frå internasjonal konkurranse. Dette kan bety endringar både i det internasjonale handelssystemet, og i handelsforholdet mellom USA og Europa. Trump har sagt han vil innføre toll, det vil seie avgifter, på varer frå andre land som blir selde i USA. Samtidig kan det vere Trump vil inngå ulike avtalar med EU og med europeiske land.
For det tredje trekte Trump i sin førre periode USA ut av mykje internasjonalt samarbeid, så USAs viktige rolle i internasjonalt samarbeid, til dømes om miljø, blir meir usikkert framover.
Det er også å forvente at verdiar som menneskerettar og demokrati blir mindre viktige i amerikansk utanrikspolitikk. Der det lønner seg for USA å gjere avtalar, har Trump vist at han ikkje styrer unna samarbeid – også med autoritære statar.
Så sjølv om det er vanskeleg å spå konkret kva som vil skje på ulike område, kan vi heilt sikkert seie at transatlantiske relasjonar er i endring, og at amerikansk politikk vil vere meir uføreseieleg framover. Det får mykje å seie også for norsk utanriks- og tryggingspolitikk.
Arbeidsoppgaver
Spørsmål til artikkelen
- Forklar kva omgrepet "transatlantiske relasjonar" inneber.
- Gi døme på ulike typar samarbeid som inngår i den transatlantiske relasjonen.
- På kva måte skil synet Donald Trump har på internasjonal politikk seg frå tidlegare amerikanske presidentar?
- Korleis har Trumps tilnærming til internasjonal politikk påverka det transatlantiske forholdet?
- Kva konsekvensar kan det ha for Noregs tryggingspolitiske framtid at Trump blir president i USA igjen – og kvifor?
- Diskuter moglege strategiar for korleis Europa og Noreg kan handtere desse utfordringane.
- Diskuter korleis det amerikanske presidentvalet i siste instans kan påverke kvardagen din.
Relaterte kompetansemål
Politikk og menneskerettigheter (programfag)
- Bruke statsvitenskapelige teorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og problemstillinger
- Reflektere over hva det innebærer å være medborger, sammenligne ulike staters styreform
- Utforske og analysere nasjonale og internasjonale saker eller konflikter i et statsvitenskapelig perspektiv
- Gjøre rede for maktforhold, konfliktdimensjoner og kanaler for politisk innflytelse i det norske politiske systemet og drøfte hvordan
- Bruke samfunnsvitenskapelig metode for å analysere og drøfte velgeratferd og politisk deltakelse
- Utforske, analysere og drøfte dagsaktuelle problemstillinger knyttet til bærekraft og fordeling
- Utforske og drøfte hvordan det internasjonale politiske systemet håndterer problemstillinger knyttet til krig og fred, sikkerhet, samarbeid og konf...
Samfunnskunnskap (fellesfag)
- Utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine...
- Utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskje...
- Reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
- Vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- Gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- Utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjell...