Monarken og politikken
Personer
- Korleis blei makta flytta fra kongen til folket?
- Kva er eigentleg parlamentarisme?
- Kva innebær rolla til monarken i Storbritannia i dag?
- Og kan det britiske monarkiet bestå uten Elizabeth?
Høyr vår podkastepisode "Monarken og politikken":
Elizabeth var dronningen som ledsaget britene hele veien fra et gammelmodig kolonivelde etter annen verdenskrig til et helt annet samfunn sju tiår senere. Forandringene håndterte hun fint – ja en av de aller viktigste egenskapene som løftes frem hos dronningen var evnen til å komme nye tider i møte.
Dronningen lyktes i å ta britenes fornemme historie inn i en mer kaotisk samtid. Om tidene skiftet, var man sikker på at dronningen besto, og med henne et minne om et forgylt Storbritannia vi kjenner fra historiebøkene.
Tiden etter dronningens død har gitt en lang rekke eksempler på hvor viktig symboler og ritualer er for monarkiet som styreform. Storslagenheten og de mytiske og mystiske elementene virker fremmede i møte med hverdagens politikk.
Men i virkeligheten er de jo koblet sammen, disse to: monarken på den ene siden og valgte politikere på den andre. Hvordan da?
Frå føydalforsamling til parlament
Lat oss starte med følgjande: Det parlamentariske systemet slik vi kjenner det, var ein motreaksjon til ønsket kongar hadde om einevelde.
Parlamentarisme betyr at regjeringa sit så lenge fleirtalet i nasjonalforsamlinga tillèt det. Nasjonalforsamlinga heiter Stortinget i Noreg – og nettopp Parlamentet i Storbritannia. Utanom å stille regjeringa til ansvar, vedtek ho lovene i landet og budsjettet det skal styrast etter.
Hjå britane kan vi gå heilt tilbake til 1295 – i mellomalderen – for å finne den første forsamlinga med ei rolle og samansetning som minner om eit parlament. Det var kong Edvard 1 som kalla inn adel, geistlege (leiarar i kyrkja) og representantar frå folket til å møte han.
Den viktigaste hensikta var at kongen trong meir pengar til å føre krig.
I mellomalderen var det då slik det måtte gjerast – stormenn måtte bli kalla inn for å hjelpe kongen med skattar og personell. Slike stormenn hadde gjerne personlege adelstitlar frå kongen. Dei fekk moglegheita til å styre over lokalsamfunn og naut godt av ressursar dei sjølv kunne hente ut. Som motyting svor dei truskap til kongen, dei måtte sørgje for lov og orden og for å innhente skattar så vel som soldatar når kongen trong det.
Desse ansvarsoppgåvene kunne også brukast som pressmiddel, for adelen var skjønt klar over at kongen på toppen var avhengig av dei.
Allereie i 1215 fekk dei kongen til å skrive under på bestemte rettar som skulle gjelde for alle engelskmenn og som avgrensa makta kongen hadde. Retten til å ikkje kunne haldast fengsla utan lov og dom er den mest kjende, og han består i dag.
Av forsamlingane som blei kalla saman av mellomalder-kongane vaks det fram det vi i dag kjenner som det britiske parlamentet.
Etter kvart fekk adel og geistlege, altså overklassa, si eiga forsamling i Overhuset (House of Lords), medan vanlege borgarar valde sine representantar til Underhuset (House of Commons).
I dag består dei to som parlamentet sine to kammer. Underhuset er det mektigaste, i kraft av å vere folkevalt og den eigentlege kjernen i demokratiet. Overhuset er ei pussig etterleving, der utnemnde lordar i dag har eit utsetjande veto, slik at dei kan diskutere og sende tilbake lovforslag frå dei folkevalde i Underhuset.
Maktbalanse
Monarki har frå dei tidlegaste tider utstyrt seg med ein krins av rådgjevarar og høgtståande embetsmenn som skal setje i verk kongen sin vilje. Parlamentet blei raskt ei motvekt ikkje berre mot kongen si personlege makt, men mot den mektige krinsen hans.
Styrkeforholdet kan bli omsett til relasjonen i dag mellom parlament og regjering – som vi kjenner som Stortinget og regjering i Noreg. Parlamentet vedtek lover, krev inn skattar og vedtek korleis dei skal brukast, medan regjeringa har ansvaret for det daglege styret av landet.
Den franske filosofen Charles de Montesquieu lanserte på midten av 1700-talet teorien om maktfordeling og balanse mellom dei ulike funksjonane til statsmakta. Maktkonsentrasjon, altså at eit fåtal av menneska har makta, skapar fare for tyranni, meinte Montesquieu. Den mest effektive motgifta var å fordele makta mellom ulike institusjonar med kvar sine maktbasar og evne til å halde dei andre i balanse.
I denne modellen kunne kongen sitt råd stå for utøvande makt. Parlamentet si rolle var å stå for lovgjeving og løyvingar til statsmakta, medan uavhengige domstolar ville sørgje for å bruke lovene gjennom å etterforske og dømme lovbrytarar på rettferdig vis.
Montesquieu sin store idé var maktbalanse – men før denne fekk fotfeste i Europa, hadde ein i Storbritannia allereie kome dit at utøvande makt var underlagt den lovgjevande.
Kongen sitt råd
Parlamentarismen fekk feste som konstitusjonell praksis allereie på 1700-talet – først ved at kongen sitt veto over lovgjeving blei utradert, dinest ved at statsrådane hans gradvis blei gjort avhengige av Parlamentet sin tillit.
Dette kjenner vi igjen i dag: Parlamentarismen sine grunnprinsipp er at regjeringa er avhengig av tillit frå eit fleirtal i parlamentet. Får ho fleirtalet mot seg, må ho gå.
Det er lett å gløyme kor sterkt bunden parlamentarismen er med monarkiet som styreform. Historisk sett sprang parlamentarismen i Storbritannia og Noreg altså ut av eit ønske om å avgrense kongemakta.
Kjernespørsmålet var kva slags forhold ein skal ha mellom lovgjevande og utøvande makt. Svaret var at kongen sitt råd, altså regjeringa, skulle stillast til ansvar i Parlamentet og vere avhengig av tillit derfrå.
Den parlamentarismen som på 1700-talet byrja å ta form i Storbritannia, blei styrkt etter kvart som stemmeretten blei utvida til å omfatte stadig nye lag av befolkninga. I praksis kom dimed den utøvande makta – regjeringa som vaks fram av kongen sitt råd – til å gå ut frå folkeviljen.
Omgrepet «den parlamentariske styringskjeda» refererer nettopp til dette forholdet: Den offentlege forvaltninga, eller byråkratiet, er ansvarleg overfor regjeringa, som er ansvarleg overfor den lovgjevande forsamlinga, som endeleg er ansvarleg overfor veljarane (folket). Monarken, som opphaveleg utgjorde kjernen i utøvande styresmakt, er redusert til rolla som symbol og seremonielt overhovud.
Overhovudet
Kva er så denne rolla som politikarane sitt seremonielle overhovud? Rolla er synleg kvar onsdag når den britiske statsministeren møter monarken til te i Buckingham Palace og informerer om arbeidet til regjeringa. Og ho er ikkje berre symbolsk. I britisk statsskikk heiter det at monarken har rett til å bli informert, for så å gje råd og eventuelle åtvaringar mot uforstand hjå statsministeren og hennar regjering.
Rolla er også lett å få auge på ved dei store politiske milepålane. Ved opninga av ein ny parlamentssesjon – stort sett kvart år – møter monarken og les trontalen på vegner av regjeringa, i ein seremoni som har atskilleg meir pomp og prakt i London enn det Stortinget i Oslo vartar opp med.
Den britiske monarken er også formelt ein del av det lovgjevande arbeidet til parlamentet. I likskap med her i Noreg, er ei vedteken lov først rettskraftig når ho har fått dronninga sin signatur. Slik er monarken også naudsynt for politikken sin kvardag.
Det er også eit kongeleg slott – Palace of Westminster – som husar parlamentet. Den formelle eigaren av bygningskomplekset er framleis kongehuset sjølv.
Ved eit statsministerskifte blir forholdet mellom regjeringa og slottet heilt konkret. To dagar før dronning Elizabeth døydde besøkte statsminister Boris Johnson ho på Balmoral Castle i Skottland. Hensikta var å søkje om avskjed, før etterfølgjaren hans Liz Truss møtte og formelt blei beden av dronninga om å danne regjering.
Det var den siste formelle oppgåva dronning Elizabeth utførte, og det forunderlege samanfallet i tid fangar også opp kor samanvove monarkiet og det parlamentariske systemet faktisk er.
Undervegs i si tid som dronning opplevde Elizabeth femten statsministrar.
Den første var Winston Churchill, ein aldrande statsmann som hadde ført britane gjennom andre verdskrig. Han var meir enn femti år eldre enn ho, vaksen opp på gods i 1870-åra.
Den siste dronninga utnemnde var altså Liz Truss, nesten femti år yngre enn ho sjølv, vaksen opp i 1970-åra, middelklassekvinne og yrkespolitikar.
Det er eit eventyrleg tidsspenn, og det seier noko om lang og standhaftig teneste. Det seier også noko om eit heilt vesentleg skilje partane imellom, der kastevindane i politikken møter stabiliteten til monarkiet.
Stabilisatoren
I nokre republikkar har ein grunnlovsfesta at presidenten har ansvar for å verne om grunnlova og beskytte staten sine institusjonar.
Å vere ein folkevald president er ein mektig posisjon som samlar rollene som statsoverhovud og regjeringssjef i ein og same person. Slik er det ikkje i parlamentariske system.
Der parlamentarisme er kombinert med monarki er det monarken sjølv som er statsoverhovud, medan statsministeren er regjeringssjef.
Parlamentarisme er ei veldig fleksibel styreform: Eit regjeringsskifte kan skje over natta.
Monarkiet er på si side ei uhyre statisk og føreseieleg styreform: Rolla er ferdig skriven, monarken blir ved sin post og blir etterfølgd av sin nærmaste tronarving.
Britane har hatt sin dose av politisk turbulens og kontroversielle regjeringar. Statsministrar har veksla mellom overveldande popularitet og djupe kriser. Regjeringar har veksla mellom lengre, stabile periodar og korte, krappe svingar og skifte. På dei få åra frå 2015 er dei no i gang med sin fjerde statsminister. Det er eit enkelt argument å forsvare at monarkiet kan vere eit stabiliserande element som sikrar rammer og kontinuitet og forhindrar at ting rasar saman.
Les også: Brexit - hvor går veien videre?
Så kan ein samstundes spørje seg om eit monarki er naudsynt for å få nokon til å fylle rolla som stabilisator. Kanskje ikkje det. Kanskje har nettopp dronning Elizabeth bore oppgåva med slik myndigheit og ro at folk flest har festa sin tillit til ho, meir enn til institusjonar. Sjølv om det parlamentariske styresettet vaks fram frå kongedømet, er det vel ikkje dømt til evig sameksistens?
Ein høyrer ofte at monarkiet er ei styreform som høyrer fortida til. I Storbritannia utgjer monarkiet eit større og meir glansa vindauge mot fortida enn i noko anna kongedøme. Dersom nokon vil ta debatten om monarkiet er naudsynt for demokratiet slik britane praktiserer det, er det vel naturleg å gjere det no som den Elizabethanske æraen er over.
I den nye æraen under kong Charles vil det kome diskusjonar om det – om monarkiet si makt og politiske betydning og om det er riktig å halde fram slik.
Men det er inga vågal gjetting å anta at det konstitusjonelle monarkiet og parlamentariske styresettet til britane held fram i tospann som før og at alternativa blir vurdert som fornuftige på papiret, men mindre gode i praksis – i alle fall dersom du spør britane sjølv.
Arbeidsoppgaver
Spørsmål til artikkelen
- Kor lenge satt dronning Elizabeth ved makta?
- Kvifor blei makta til kongen innskrenka i Storbritannia i mellomalderen?
- Kva betyr parlamentarisme?
- Korleis fungerer det parlamentariske systemet i Noreg?
- Kva er forskjellen på Overhuset og Underhuset i parlamentet i Storbritannia?
- Kom med noen eksempler på korleis den britiske monarken utviser makt.
- Har monarken i Storbritannia reell makt?
- Kvifor trur du monarkiet består?
- Del klassa i to: Den ene gruppa får rolla som republikanarar og den andre som monarkistar. Kvar gruppe skal finne argumentar som støttar deira sak. Avslutt med diskusjon.
Tidligare Hvor hender det?-artiklar
Videre fordypning
- Les om parlamentarisme på Stortinget sine skole-sidar
- Les om dronning Elizabeth i Store norske leksikon
- Les kronikken "Da jeg ble monarkist" på den liberale tenketanken Civita sine hjemmesider
- Les Sosialistisk ungdoms kronikk i Dagsavisen om at vi må diskutere monarkiet før Haakon blir konge.
Personer
Fakta
Statsministre i Storbritannia siden Dronning Elizabeth ble kronet i 1952:
1951–1955 Sir Winston Churchill
1955–1957 Sir Anthony Eden
1957–1963 Harold Macmillan
1963–1964 Sir Alec Douglas-Home
1964–1970 Harold Wilson
1970–1974 Edward Heath
1974–1976 Harold Wilson
1976–1979 James Callaghan
1979–1990 Margaret Thatcher
1990–1997 John Major
1997–2007 Tony Blair
2007–2010 Gordon Brown
2010–2015 David Cameron
2015–2016 David Cameron
2016–2019 Theresa May
2019–2022 Boris Johnson
2022– Liz Truss