Hopp til innhold

Ein ny generasjon iranske jenter tek her av seg hejaben og protesterer mot Khomeini og Khamenei.

Foto: Twitter

Iran – revolusjon igjen?

Ei ung kvinnes død etter å ha blitt arrestert av moralpolitiet utløyste dei sterkaste protestane i Iran sidan revolusjonen i 1979. Den islamske republikken er tilbake der han starta.

Personer

Kjetil Selvik
Tidligere ansatt
  • Kva var «den islamske revolusjonen» og korleis har den prega Iran og Midtausten?
  • Kva slags politisk system har Iran?
  • Kvifor utløyste Mahsa Aminis død så store protestar?
  • Er ein ny revolusjon i emning?

Den iranske revolusjonen i 1979 var ei internasjonal storhending som snudde Iran og det geopolitiske kartet i Midtausten på hovudet. Millionar av menneske tok del i ho og sørgde for at den eineveldige sjahen (persisk for «kongen») måtte flykte.

Den har blitt omtalt som «den utenkjelege revolusjonen» fordi regimet til sjahen var så sterkt, og hadde så mektige venner, at ingen trudde det kunne veltast. Regimet i Iran var nemleg støtta av USA som blant anna hadde bidratt til eit antidemokratisk statskupp i 1953 og forsynte sjahen med våpen.

 

Muhammed Reza Pahlavi var sjah, eller konge, av Iran i 1941 til 1979. Bak står kona, dronning Farah Diba. 

Foto: Public domain

 

Arven etter «den islamske revolusjonen»

Då monarkiet likevel fall, etter halvtanna år med protestar og ei folkeleg mobilisering som er ein av dei største i revolusjonanes historie, sette det djupe spor. Ikkje minst gjorde det noko med korleis det iranske folket forstod rolla og betydninga si.

Millioner av mennesker tok del i revolusjonen i 1979. Men ble utfallet egentlig folkets vilje?

Foto: Public domain

 

Iranarane sjølv var overraska over kva dei hadde fått til. Det skapte eit nytt sjølvmedvett og nye forventningar til styresmaktene. Enkelt sagt var forventninga at folket skulle bestemme den politiske kursen og ha siste ord i viktige spørsmål.

Utviklinga i ettertid har ikkje levd opp til forventningane. Revolusjonen fekk eit anna utfall enn mange hadde sett for seg. Tilhengjarane av ein 77 år gammal ayatollah (religiøs leiar) ved namn Ruhollah Khomeini kjempa til seg makta og undertrykte andre grupper. Dei gav revolusjonen sitt offisielle namn: «den islamske revolusjonen». Khomeinis tilhengjarar meinte at Iran var leidd vekk frå rett islam, og hadde som mål å islamisere stat og samfunn. Dei ville at ein spesialist i islamsk rettslære (tolking av sharia) skulle ha øvste styresmakt i staten.

 

Etter revolusjonen var det følgjarane av ayatollah Ruhollah Khomeini som kjempa til seg makta.

Foto: Public domain

 

På det internasjonale planet var dei nye leiarane motstandarar av USAs dominans i Midtausten og Israels okkupasjon av Palestina. USA var upopulær blant mange iranarar på grunn av si støtte til sjahen.

Ei gruppe studentar storma i november 1979 den amerikanske ambassaden i Teheran og heldt dei tilsette som gislar i 444 dagar. Khomeini gjorde ingenting for å stoppe dei, og Iran fekk status som ein erkefiende av USA.

 

Styresmaktene i Iran har gått i bresjen for internasjonal motstand mot USA.

 

Den islamske republikken Iran

I dag byggjer det politiske systemet i Iran på ideen om å sameine religion og politikk, slik Khomeini beskreiv i læra om «styret til den rettslærde» (velayat-e faqih). Øvste leiar er framleis ein ayatollah. Khomeini heldt denne posisjonen til sin død i 1989. Sidan har Ali Khamenei vore øvste leiar.

Iran har også ein president og eit parlament som blir valt for fire år av gongen, men den islamske republikken er ikkje eit demokrati. Eit vaktarråd, som er delvis utpeika av Khamenei, bestemmer kven som får stille til val. Ayatollahen har også større makt enn dei folkevalde politikarane.

Under Khameneis styre har det vore mange forsøk på å opne opp det politiske systemet. Veljarane har stemt på politikarar som har jobba for å styrkje demokratiet og betre forholdet til Vesten. Tilhengjarane av reform har argumentert med at folkets revolusjon var grunnen til at den islamske republikken blei oppretta. Derfor burde øvste leiar vere bunde av grunnloven, slik dei såg det.

Konservative politikarar har svart at øvste leier har mandat frå Gud og ikkje kan avgrensast av folkemeininga. Khamenei sjølv har gjort det klart at oppdraget hans er å føre vidare den islamske revolusjonen. Folka har ønskt ei kursendring og meir fridom og demokrati, men øvste leiar har insistert på at islamiseringen av stat og samfunn held fram.

 

Øvste leiar Khamenei meiner oppdraget hans er å føre vidare den islamske revolusjonen. 

Foto: Public domain

 

Protestane etter Mahsa Aminis død

I denne nye kampen mellom samfunnet og staten har spørsmålet om slør, hejab, blitt eit stridsspørsmål. Styresmaktene ser hejab som eit viktig ledd i revolusjonen mot vestleg innverknad og eit middel for å bringe det iranske samfunnet i harmoni med den islamske identiteten sin.

Men kvinnene som demonstrerer, ser det på ingen måte slik. Dei oppfattar sløret som eit ledd i ein politikk som tar frå dei fridommen deira, eit påbod som blir handheva med tvang. Derfor har sløret blitt eit symbol i protestane som kvinner tar av for å markere seg politisk.

22 år gamle Mahsa Amini var på besøk hos bror sin i Teheran då moralpolitiet arresterte henne for «usømmeleg» kledning. Vitne observerte at ho blei slått, og tre dagar seinare var ho død. Framferda til moralpolitiet og den tragiske lagnaden til den unge kvinna vekte harme. Protestane har rasa i tre månader når dette blir skrive.  

At protestane har blitt så store, kjem av at det er mykje frustrasjon som har bygd seg opp i befolkninga og som plutseleg får utløp på same tid. Samfunnsgrupper med ulike problem finn saman. Kvinner har spelt ei framståande rolle, men er langt frå dei einaste som mobiliserer.

Også ungdom gjer opprør mot alle forboda som dei knyter til staten og forventninga om å leve «islamsk». Etniske minoritetar, som kurdarane og balutsjarane, har fått nok av å bli behandla som andrerangs innbyggjarar. Butikkeigarar er frustrerte fordi dei lid under korrupsjon i økonomien. Arbeidarar har gått til streik fordi dei ikkje har fått betalt.

Misnøya med levekåra er aukande. Den islamske republikken leverer ikkje velferd til innbyggjarane i same grad som før. Prisane løper løpsk (inflasjon), og det er vanskeleg å få råd til mat for mange. Økonomiske sanksjonar frå andre land, som USA, rammar tilgangen til livsviktige medisinar. I tillegg er forureininga i Iran ein av dei verste i verda, og tørke er eit aukande problem. Elektrisitetsforsyninga er ustabil i fleire byar. Nesten alle pilene peikar i feil retning. Fram til 2017 var Iran sin kurve på FNs utviklingsindeks positiv, men sidan 2018 har ho gått nedover.

Ei revolusjonær rørsle

I møte med økonomiske problem, eit fastlåst politisk system, maktmisbruk og undertrykking, har iranarane som protesterer, fått nok. Dei utgjer ei gryande revolusjonær rørsle.

Rørsla er revolusjonær på grunn av måla sine og verkemidla ho bruker. Den femnar breitt og vil ha grunnleggjande politisk endring. Det dreier seg ikkje om enkeltgrupper som demonstrerer for særkrav, men om samfunnssjikt som gjer felles sak. Alle knyter problema sine til den overordna politiske situasjonen i landet.

Opprøret rettar seg mot øvste leier og den islamske republikken som system. Kravet er ikkje lenger reform, men full avvikling av regimet. Framfor alt står kampen om styringsideologien velayat-e faqih. Demonstrantane vil ikkje ha ein ayatollah som er heva over loven.

 

Protestane i Iran den siste tida har vært så kraftige at dei blir kalla ei revolusjonær rørsle.

 

Verkemidla som blir nytta er også meir radikale enn før. Dei som tar til gatene har mista trua på at det politiske systemet kan endrast gjennom stemmesetelen. Aksjonistane roper slagord som «død over diktatoren» og «død over Khamenei». Enkelte set fyr på bygningar til politi og tryggingsstyrkane. Andre går til motangrep når regime-lojal milits slår ned på dei. Fleire av mennene til regimet har mista livet i samanstøytane.

Den islamske republikken er tilbake der han starta med landsomfattande uro og mobilisering for eit nytt politisk system. Øvste leiar har blitt eineveldig som sjahen, og verkar samlande på opposisjonen.

Regimet står i open konflikt med delar av befolkninga og skaper nye fiendar for kvart overgrep som blir dokumentert i sosiale medium og kvar familie som blir ramma. Det gjer at framtida til makthavarane er usikker.

Faller regimet?

Om regimet vil falle, er likevel ei anna sak. Protestrørsla har i utgangspunktet oddsa mot seg. Viss vi ser verda under eitt, er det berre eit lite mindretal av folkeopprør som lykkast med å gjennomføre revolusjonære endringar. Dei fleste blir slått ned av styresmaktene eller fører til væpna konflikt.

Statar er avanserte organisasjonar som kan trekkje på mange folk og maktmiddel. Dei kan til dømes overvake aktivistar, fengsle, skyte mot og avrette dei, og manipulere informasjonen som når ut til innbyggjarane (propaganda). Dei kan spreie frykt og setje samfunnsgrupper opp mot kvarandre.

I Iran har styresmaktene skremt med at protestane er i ferd med å skape kaos og at innbyggjarane kan lide same lagnad som i Syria. Formålet er å overtyde dei som vurderer å slutte seg til opprøret, om at alternativet til den islamske republikken er verre.

Når regime har falle under press frå protestrørsler, har ei medverkande årsak ofte vore interne svekkingar. Staten blir svekt dersom leiinga ikkje klarer å komme med tydelege ordrar, tryggingsstyrkane nektar å utføre ordre blant anna om å skyte mot befolkninga, eller det blir open strid mellom ulike maktsenter i regimet. Ytre press kan i nokre tilfelle også spele inn. Sjahen var i 1979 ramma av kreft og sårbar for internasjonal kritikk fordi USA var ein viktig alliert. Svakheitene påverka hans beslutsomhet og evne til å bruke vald mot protestane.

I dag er styresmaktene i Iran i konflikt med Vesten og lener seg mot Russland og Kina som sjølv er autoritære statar. Khamenei har også kreft, men har lært at det er farleg å vise svakheit. Førebels er det få teikn på splitting i regimet.

Slitasjen blir likevel større jo meir protestane strekkjer ut i tid. Viss ikkje tryggingsstyrkane vinn tilbake kontroll, vil krangelen gå internt om kven som har skulda. Leiarar som konkurrerer om makt og innverknad har ulike syn på kva som er rett veg å gå. Enkelte kan «hoppe av» om undertrykkinga blir for grov eller dei trur at regimet vil tape. Det er faktisk også økonomisk kostbart for staten å skulle undertrykkje så mykje.

Konflikten mellom demonstrantane og regimet er i den forstand ein kamp om å utmatte den andre først. Den mest standhaftige er vinnaren.

Det er også ein kamp som vil halde fram sjølv om styresmaktene lykkast med å slå ned protestane på kort sikt. Misnøya i folket vil halde fram med å ulme og føre til nye opprør når høvet byr seg. Ingen kan føreseie om og når Iran vil oppleve full revolusjon igjen. Men det er ei utbreidd oppfatning blant iranarar at det berre er eit spørsmål om tid. I lengda er denne overtydinga viktig.  

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt

Personer

Kjetil Selvik
Tidligere ansatt

Fakta

Fakta om revolusjon:

- Betyr rask omvelting og gjennomgripande forandring. 

- Revolusjon er ein grunnleggjande endringsprosess og går føre seg i løpet av svært kort tid. 

- Når vi bruker begripe revolusjon, siktar vi stort sett til politiske, sosiale og økonomiske omveltingar. 

- Den franske revolusjonen (1789) og den russiske revolusjonen (1917) er dei viktigaste politiske og sosiale revolusjonane dei siste hundreåra.

- I nyare tid er dei viktigaste revolusjonane den kommunistiske revolusjonen i Kina (1949), den nasjonale og sosialistiske revolusjonen på Cuba (1958–1959), og den islamske revolusjonen i Iran (1978–1979).

Kilde: Store norske leksikon og Ordbøkene.no