Hopp til innhold

På alle bileta blir det produsert mat, men like berekraftig?

Bilete: fao.org

Global matvaresikkerheit

Ei av dei største utfordringane verda står overfor, er å skaffe mat nok til alle. I tillegg kjem utfordringa med å produsere mat på ein miljøvenleg og sosialt berekraftig måte. Er dette mogleg? 

Personer

Gry Synnevåg
Førsteamanuensis, Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudier, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet ( NMBU), Ås
  • Blir det produsert nok mat, og kva med framtida?
  • Korfor svelt mange menneske?
  • Kva meiner ein med matvaresikkerheit?
  • Korleis kan matvaresikkerheita bli betre?

FAO – FN-organisasjonen for ernæring og landbruk – har berekna at 795 millionar menneske lir av svolt og underernæring; det svarer til 12,5 % av alle menneske. I tillegg er 2 milliardar feilernærte. Dei fleste av dei lever i Afrika sør for Sahara og Asia. Det er ein klar samanheng mellom fattigdom og manglande matvaresikkerheit. Samtidig er overvekt eit aukande problem. Faktisk finst det fleire overvektige enn underernærte menneske i verda. Ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) har talet på overvektige menneske i verda dobla seg sidan 1980.

Kva er matvaresikkerheit?

Det blir hevda at det i dag blir produsert nok mat til å dekke det daglege kaloribehovet til alle menneske. Når mange likevel svelter, skuldast det fattigdom og ulik fordeling av ressursar. Fattige har færre fysiske og økonomiske ressursar for å dekke sine grunnleggande behov, som mat, reint vatn, klede, husly og tilgang til grunnskole og primærhelsetenester.

For ein stor del av verdas befolkning er fattigdom ein del av den daglege kampen for å overleve. Afrika sør for Sahara og det sørlege Asia er regionane med flest ekstremt fattige. I Afrika sør for Sahara må heile 41 prosent av befolkninga leve på mindre enn 1,90 dollar dagen. Jo fattigare ein familie er, desto større del av inntekta må den bruke på det absolutt mest nødvendige for å overleve: Mat.

Fattigdom handlar også om sårbarheit. Dei fattige greier seg så vidt under «normale» omstende, men berre ei lita endring – i matprisar eller klima kan få konsekvensar  i lang tid framover.  Den daglege svolten og feilernæringa gjør både barn og vaksne meir mottakelege for sjukdom.

Eit anna viktig fokus i dag er derfor kosthold og den ernæringsmessige samansettinga av maten som blir forbrukt. Den globale matproduksjonen blir meir og meir sett ut frå eit behov for å redusere under- og feilernæring og hindre overvekt og sjukdom. Samtidig er det også fokus på at maten må produserast på ein måte som ikkje skader miljøet.

Matvaresikkerheit er derfor eit komplekst og samansett omgrep. Kva det betyr, har blitt hyppig diskutert både i FNs fora for matvaresikkerheit og i andre internasjonale organisasjonar som gir tilrådingar til internasjonal og nasjonal politikk på området. Matvaresikkerheit kan ein imidlertid forstå på forskjellige måtar. De heng også nøye saman med landbruksproduksjon og internasjonal handel med matvarer, klima og miljø, fattigdom, helse og kjønn:

Mat kan ein sjå på både som ein vare og som ein menneskerett. Idear og ordbruk har endra seg i seinare år, og forskjellige aktørar har forskjellige tilnærmingar til korleis vi kan sikre matvare- og ernæringssikkerheit til alle.  «Den grøne revolusjonen» på 1960-talet la vekt på å auke produksjonen av mat – produsert mengde – især av mykje brukte vekster som kveite og ris –  for å kunne produsere nok mat til ei veksande befolkning.

Tidleg på 1990-talet endra diskusjonen seg og da basert på Amartya Sens verk om «Poverty and Famine». Hans syn fekk stor gjennomslagskraft innanfor forskning og politikk og forma mykje av den vidare debatten. Han hevda at manglande matvaresikkerheit best kan forklarast ut frå sosiale og politiske faktorar, blant anna at fattigdom er den viktigaste årsaka til svolt.

Sen introduserte tankar om mat som noko ein har rett til og om rettferdig fordeling av mat. Den internasjonale debatten kring matvaresikkerheit fekk derfor ein sosial dimensjon. Den mest nytta definisjonen av matvaresikkerheit i dag blei bestemt på eit toppmøte i regi av FAO i 1996:

«Matvaresikkerheit eksisterer på eit individuelt, nasjonalt og globalt nivå, når alle menneske, alltid, har fysisk og økonomisk tilgang på tilstrekkeleg trygg og næringsrik mat som møter deira ernæringsbehov og det dei treng for eit aktiv og sunt liv».

Definisjonen inneheld fire faktorar, som alle heng saman og som må bli oppfylte for å oppnå full global matvaresikkerheit:

  • Tilgjengelegheit – mat må vere tilgjengeleg på marknaden.
  • Ressursar: Folk må ha både økonomiske og fysiske ressursar til å skaffe seg maten.
  • Ernæring: Maten må vere ernæringsriktig.
  • Stabilitet:    Matsystema må vere stabile og robuste over tid (sjå fakta).   

Basert på denne definisjonen så forplikta   det internasjonale samfunnet seg til først å redusere talet på svoltne menneske i verda til det halve innan 2015. Det blei imidlertid fort klart at dette var eit urealistisk mål, og FNs tusenårsmål frå 2000 omdefinerte målet til å redusere andelen svoltne menneske innan 2015 – eit meir oppnåeleg mål. Også dette nye målet viste seg vanskeleg å nå.

Afrika sør for Sahara viste minst framgang, og 17 afrikanske land hadde ikkje nådd målet i 2015. I Asia var måloppnåinga betre, og i Latin-Amerika oppnådde stort sett alle land tusenårsmålet. Unntaket i Asia var enkelte sårbare og konfliktutsette statar som Afghanistan, Irak og Jemen. Kina sto aleine for to tredelar av reduksjonen i underernæring i denne perioden.

I 2015 avløyste berekraftsmåladei gamle  tusenårsmåla (FN). Dei nye måla er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftsmål 2  har som mål å auke matvaresikkerheita: «Innan 2030 utrydde svolt, oppnå matvaresikkerheit og betre ernæring, og fremme berekraftig landbruk».

Framtidig global produksjon av matvarer

Mais, ris og kveite er viktige vekstar for global matvaresikkerheit og fattigdomsreduksjon. Desse tre kornslaga dekker 40–60 % av kaloribehovet for ca. 4,5 milliardar menneske i 100 utviklingsland.

Den grøne revolusjonen medførte store framskritt i matproduksjonen. Utvikling av betre landbruksteknologi og meir robuste planteslag ga høgare avlingar. Saman med politiske føringar og  betre tilgang til innsatsfaktorar og marknader, auka dette mengden korn på den globale marknaden.

Den grøne revolusjonen la vekt på storskala produksjon og internasjonal handel (eksport), og medførte ein klar auke i bruk av jord, vatn og andre naturressursar. Jordbruksproduksjonen meir enn tredobla seg frå 1960 til 2015. Perioden er kjenneteikna av industrialisering og globalisering   av landbruksproduksjonen . Store utfordringar gjenstår imidlertid for å møte framtidas behov for mat på ein berekraftig måte.

FAO har funne at produksjonen av mat globalt må auke med 60 % for å dekke forventa vekst i etterspurnaden fram til 2050. Det meste må komme frå auka produktivitet i landbruket  og meir effektiv bruk av ressursar, blir det sagt.

Vidare viser berekningar (Wageningen Universitet) at matproduksjonen i Afrika må bli tredobla innan 2050 for å halde tritt med befolkningsauken og auka etterspurnad som følger av den. Om avlingane i Afrika held fram med å vekse med dagens fart, vil sjølvforsyningsgraden i Afrika for korn ligge på ca. 50 % i 2050 mot i dag ca. 80 %.

Redusert kjøttforbruk og mindre matsvinn er bra

Det er imidlertid stor usemje om den globale produksjonen verkeleg må auke så drastisk – i takt med forventa befolkningsvekst. Det føresett blant anna «business as usual», bl.a. anna når det gjeld etterspurnad etter kjøtt. Truleg vil etterspurnaden etter kjøtt auke sidan det globalt blir fleire middelklassemenneske og som følge av auka inntekt og urbanisering – alt med auka forventingar og krav.

Den største auken kjem venteleg i Asia. Det er venta at den globale kjøttproduksjonen vil  stige med 90 % fram mot 2050. Produksjon av fôr til husdyr representerer i dag 36 % av den globale kaloriproduksjonen, og 53 % av produksjonen av planteprotein. Til 1 kg industriell husdyrproduksjon medgår i gjennomsnitt 6 kg planteprotein som fôr. Viss den mengden kaloriar som går til å fôre husdyr i USA, Kina, Vest-Europa og Brasil istaden blei nytta direkte til menneskeføde, ville det gi mat nok til 2,4 milliardar   menneske. Redusert kjøttforbruk vil derfor kunne forbetre den globale matvaresikkerheita betydeleg.

Mange analysar indikerer også at all den maten som blir kasta i USA, Kina og India, aleine kunne brødfø 416 millionar menneske. Ei undersøking frå Storbritannia viser at ca. 20 % av maten som blir kjøpt der, blir kasta. Matsvinnsom følge av mangelfull lagring og kasting av mat utgjør ein tredel av den totale globale matproduksjonen. Mindre matsvinn vil med andre ord kunne betre matvaresikkerheita.

Dei globale matsystema blir i dag kontrollert av store matkjeder som produserer billig mat uten å ta nok omsyn til  kostnadene ved forringa eller øydelagd miljø eller til stort matsvinn. Betre –  meir effektive og berekraftige – matsystem vil kunne betre matvaresikkerheita.  Det forskast i dag på insekt som alternativ proteinkjelde og på auka matproduksjon i urbane område ved forbetre arealutnyttinga, noko som også kan auke matvaresikkerheita.

Utfordringar for global matvaresikkerheit

Jord og vatn (pluss sollys) er dei viktigaste naturressursane som ein treng for å produsere mat. Både jord og vatn er begrensande faktorar. Jordbruksområde  for oppdyrking er begrensa. Det er mogleg å auke landbruksarealet noko, men dette vil auke avskoginga i Afrika, Latin-Amerika  og Asia og medføre store utslepp av klimagassar. Jorderosjonen vil også tilta fordi den beste jorda allereie er oppdyrka, og jord som kan nydyrkast, vil ofte vere meir sårbar for jorderosjon – den ligg gjerne meir utsett til.

Dyrking av biobrensel reduserer moglegheitene for å auke matproduksjonen. Størst merksemd har det vore på korleis dyrking av mais og kveite til biobrensel påverkar globale matprisar. Men diskusjonen har også dreidd seg om korleis dyrking av biobrensel påverkar lokal matproduksjon i låginntektsland. Dei fleste investeringane i biobrensel er gjort i land med store problem med sult og underernæring. Store private oppkjøp av jord fråtek bønder rettar til jord og vatn og kan dermed hindre lokal produksjon av mat.

I tillegg vil klimaendringar begrense mengda av mat som ein kan produsere. Dei har allereie redusert kveite- og maisavlingar med ca. 4–5 % i enkelte afrikanske land. Redusert kornproduksjon og auka prisar kan få store konsekvensar for fattige forbrukarar i mange land.

Befolkningsvekst, meir velferd og bruk av biodrivstoff -alle påverkar kor mykje som blir igjen på matfatet     

Teikning: politicalcartoons.com

Industriland kan kjøpe seg den maten dei treng, men for dei fleste afrikanske land er dette vanskeleg med deira langt svakare kjøpekraft. Den sterke prisauken på korn i 2008 og 2011 var ei klar påminning om dette.  Den førte til auka fattigdom og opprør flere stader i verda og bidro til å utløyse den arabiske våren.

Konfliktar,  kriser og naturkatastrofar aukar i antal og intensitet. Dette påverkar  matvaresikkerheita sterkt – meir fattigdom, svolt, migrasjon og større behov for humanitær hjelp er nokre av verknadene.  I gjennomsnitt er andelen underernærte menneske i låginntektsland som opplever langvarige kriser, ca. tre ganger høgare enn i andre låginntektsland.

Klimasmart og berekraftig jordbruk

Framtidig produktivitetsvekst for å imøtekomme eit aukande behov for mat vil måtte gå føre seg i eit  meir uføreseieleg og endra klima. Samtidig bidreg landbruket sjølv stort til den globale oppvarminga. Det blir i dag satsa mykje på å utvikle eit klimasmart landbruk. Det inneber at det kan utviklast jordbrukssystem som kombinerer auka produktivitet og tilpassing til klimaendringar, med reduserte utslepp av klimagassar.

Eit klimasmart landbruk søker å oppnå større  produktivitet i landbruket og gi betre tilgang til mat lokalt og globalt, ved å effektivisere areal- og ressursbruken. Det skjer ved å utvikle teknologi og metodar som gjør bøndene mindre sårbare for klimavariasjonar og gir dei betre verktøy til å handsame eit endra klima.

Samtidig ønsker ein å utvikle eit landbruk som er miljøvenleg og økonomisk berekraftig. Dei største problema med å utvikle klimarobuste løysingar for matproduksjon finst i sårbare område der matproduksjonen blir utført av fattige småbønder. Dei er gjerne heilt avhengige av jord og naturressursar for å overleve.

Fattigdom og naud vil ofte tvinge dei til å måtte tenke kortsiktig overleving frå dag til dag og ikkje langsiktig berekraft. I slike område vil aukande temperatur og større variasjon i nedbør føre til ein uviss matproduksjon, forverra levekår og kombinert med andre faktorar føre til større risiko for matkriser og svoltkatastrofar.  Dette gjeld særleg i enkelte land sør for Sahara og i Asia. 

I ein rapport om Afrika – «Towards a Food Secure Future» (2012) – blir produksjonsauke hos småbrukarar framheva, og då især kvinnelege småbrukarar, som ein av hovudnøklane for matvaresikkerheit i Afrika. Det blir i dag snakka om feminiseringav landbruket i mange delar av verda. Småbøndenes, inkludert kvinnenes, rett til jord, tilgang til og kontroll over nødvendige ressursar, institusjonar og marknader og ein politikk som bidreg til dette, vil imidlertid vere avgjørande for at klimasmart landbruk kan bidra til auka matvaresikkerheit og redusert fattigdom.  Småbønder produserer i dag 50 % av maten i verda ; dei utgjør også 50 % av verdas fattige befolkning.

Finst alternativ?

Over heile verda har folk utvikla og mobilisert alternativ til industriell og ressursintensiv matproduksjon og til dei store matkjedene som kontrollerer det meste av den internasjonale handelen med matvarer. 

Mobilisering for matvaresuverenitet har blitt eit alternativ til den eksportorienterte landbruksproduksjonen og til omgrepet matvaresikkerheit. Matvaresikkerheit beskriv ein situasjon der alle menneske skal ha nok mat. Også matsuverenitet dekker tilgang på mat – men i tillegg kjem tema som kvar maten kjem frå og kva for forhold den blir dyrka under. Internasjonal handel blir her underordna ein politikk som sikrar mat til eiga befolkning før eksport av mat kan finne stad.

Rørsla Via Campesina har mobilisert småbønder og deira allierte over heile verda for at lokalbefolkninger skal ha rett til å kontrollere eigne matsystem, inkludert marknader, økologiske ressursar inkludert genetiske ressursar, produksjonsmetodar og matkulturar. Målet er rett til helsemessig og kulturelt akseptabel mat, produsert i økologiske og berekraftige produksjonssystem. Mindre global handel og meir lokal kontroll er viktige satsingsområde. Visjonen er nedfelt i «Nyeleni-deklarasjonen» frå 2007.

Også ulike agroøkologiske tilnærmingar til matproduksjon basert på stort biologisk mangfold på det enkelte gardsbruk, mest mogleg bruk av lokale ressurser og minst mogleg bruk av kunstgjødsel. Lokal kunnskap og kortreist mat har etter kvart fått større utbreiing og støtte – som ein motvekt til den sterkt industrialiserte landbruksproduksjonen.

I fleire land er det gjennomført sosiale program som skal auke matvaresikkerheita og redusere fattigdommen. Dette er offentlege program som tilbyr pengar eller materiell til fattige delar av befolkninga. Programmet «Bolsa Familia» i Brasil er kanskje det mest kjente; dette overfører middel til fattige familiar, som dermed har fått meir mat på bordet. Også i India har lovendringar og sosiale program gitt meir mat til fattige. 

Utfordringar for framtida er å optimalisere avlingar og innsatsfaktorar utan å la dette gå ut over helse, miljø, naturressursar eller berekrafta til landbrukssystema. Framtidas behov kan ein møte ved å intensivere arbeidet med å gjere landbruket meir berekraftig. Det vil seie betre motstandskraft mot plantesjukdommar, tilpassing til klimaendringar, redusert bruk av vatn og kunstgjødsel, arbeid  og fossilt brensel.

Større avlingar kan ein oppnå med mindre landareal og mindre bruk av vatn til irrigasjon (bl.a. mindre sløsing). Auka produksjon per arealeining er mogleg utan å forringe miljøet. Især er det mogleg å auke avlingane i område der jordbruket er prega av liten innsats av teknologi og arbeid. 

Jorda kan altså produsere nok mat til ein aukande befolkning og på ein berekraftig måte. Men dette inneber omfattande endringar i korleis matproduksjonen og matsystema er innretta og fungerer.   Ressursintensive jordbrukssystem basert på  høg bruk av innsatsfaktorar, har medført avskoging, vassmangel, jorderosjon, redusert biologisk mangfold og høge utslepp av klimagassar. Desse systema kan ikkje levere berekraftige løysingar for framtida (FAO 2017).

Iverksetting av politikk for betre å sikre retten til mat, utvikling av lokale og rettferdige matsystem, reduserte CO2 utslepp og matsvinn har også ei viktig rolle å spille. Desse utfordringane kan ein bare møte  med ein samla innsats frå bønder, nasjonal og internasjonal landbruksforsking, politikarar, privat sektor og utviklingsaktørar som går saman om å utvikle løysingar.

Arbeidsoppgaver

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Klima
  • Menneskerettigheter
  • Styring

Personer

Gry Synnevåg
Førsteamanuensis, Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudier, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet ( NMBU), Ås

Fakta

Matsystemet

Maten går gjennom ein lang prosess frå jord til bord: Ulike produksjonsmetodar, lagringssystem, marknadsføring, transportkjeder, detaljhandel og forbruksmønstre.