Hopp til innhold

India er eit land fylt av kontrastar. Spennvidda går frå det storslåtte til det nitriste.

India - Asias nye mirakel?

15. august 2007 fylte India seksti år. Dagen blei markert med festtaler og store paradar. «Vi er ein ung nasjon, og det beste ligg enno framfor oss!» erklærte statsminister Manmohan Singh. Andre uttrykte seg på samme vis, men åtvaringane var også mange. Same år voks den indiske økonomien med vel ni prosent, og utsiktene for 2008 er også gode. Mange omtaler landet som «eit nytt Kina». Til saman har dei to gigantane 2,5 milliardar innbyggarar. Lykkast dei, vil mye vere vunne i kampen mot armoda i verda. Mislykkast dei, vil det få alvorlege globale verknader. Derfor angår India og Kina også oss.

Personer

Torbjørn Færøvik
er forfattar og historikar med Asia som spesialfelt. I 1999 fekk han Brageprisen for boka INDIA – Stevnemøte med skjebnen.
  • Korleis har utviklinga vore i India dei siste tiåra?
  • Kva for hovudutfordringar står India overfor?
  • Korfor angår India oss?

Smertefull fødsel

Det sjølvstendige India blei fødd natt til 15. august 1947. Millionar av indarar samla seg da rundt radioapparata for å høyre på statsminister Jawaharlal Nehru: «På slaget midnatt, mens verda søv, vil India vakne til liv og fridom!» Det var ein historisk augneblink, men starten blei smertefull. For i same stund forlet millionar av muslimar India for å danne sin eigen stat, Pakistan. Delinga førte til blodige oppgjør mellom hinduar og muslimar, og millionar av menneske flykta begge vegar. Månader seinare blei Mahatma Gandhi, Indias store fredsapostel, drepen av ein ytarleggåande hindu. Gandhi ville ha fred og forsoning, men på begge sider fanst fanatikarar som egga til bruk av vald.

India hadde 340 millionar innbyggarar i 1947. Dei fleste var analfabetar og levde i djup fattigdom. Gjennomsnittleg levealder var 42 år, og 182 av 1000 fødde barn døydde før dei hadde fylt fem år. Etnisk, språkleg og religiøst var landet som ein vilter mosaikk.

Lenge blei landet styrt av Kongresspartiet. Partiet ønskte å samle folket på tvers av religionar, kastar og andre skilje. Men dei første tiåra sleit partiet med å få fart på økonomien. Den låge veksten på tre til fire prosent i året heldt knapt nok tritt med auken i folketalet. Staten fekk ei viktig rolle i økonomien, og mange opplevde det kvelande byråkratiet som ei bremse. Utanrikshandelen var liten og impulsane frå omverda få. Likevel klarte indarane å halde saman, og India fekk etter kvart ry som «verdas største demokrati».

Ny politikk – ny giv

Forandringa kom på 1990-talet. Lenge hadde Sovjetunionen vore Indias viktigaste handelspartnar, men i 1991 opphørte unionen å eksistere. I land etter land blei den stivbeinte planøkonomien forlaten. Samtidig begynte den økonomiske liberaliseringa i Kina å gi positive resultat. Også i India skjønte politikarane at det var på tide med nye grep.  Marknadskreftene fekk større spelerom, og staten selde seg ut av ei rekke verksemder. Før tiåret var omme, hadde den årlege økonomiske veksten stige til både seks og sju prosent. Ein veksande middelklasse fekk råd til å skaffe seg dyre forbruksvarer, og bilprodusentane gnei seg i hendene.

På eitt område har indarane gjort det særskilt godt. I høgteknologiske sentra som Bangalore og Hyderabad har dei utvikla ein avansert softwareindustri. Produkta er rimelege og konkurransedyktige, og selskap i mange land kjøper dei. Mange har funne det riktig å overlate delar av produksjonen sin til indiske samarbeidspartnarar. Stikkordet er «outsourcing». I internettalderen treng ikkje lange avstandar vere eit problem, og utdanna indarar snakkar godt engelsk. Den nye industrien har gitt indarane kjærkomne inntekter, men enno omfattar den bare ein yttarst liten del av befolkninga.

Utanrikshandelen har tatt seg kraftig opp, og stadig fleire selskap investerer i India. Bare IBM, Intel og Microsoft har dei siste åra investert fire milliardar amerikanske dollar. Resultatet er meir enn femti tusen nye arbeidsplassar. Blant dei norske aktørane finn vi Statkraft, Norsk Hydro, Tandberg, Elkem og Det norske Veritas. Men langt fleire har late seg freiste av Kina. Ein grunn til at India heng etter, er den svake fysiske infrastrukturen. Vegar, hamner og flyplassar er ikkje gode nok, og skjemaveldet florerer.

Skeiv fordeling av goda

India treng høg vekst, for oppgåvene står i kø. Men landet treng også ei jamnare fordeling av goda. For trass i framgangen dei siste åra er gapet mellom fattig og rik urovekkande stort. Landet har vel 1,1 milliard innbyggarar. Ein tredel av dei lever under den offisielle fattigdomsgrensa. Halvparten av barna er feil- eller underernærte, og 36 av tusen fødde barn døyr før dei fyller fem år. Fleire millionar barn blir tvinga til å arbeide, og mange får varige helseskadar.

I den andre enden finn vi ei veksande gruppe nyrike. Ingen land i Asia har fleire milliardærar enn India, skriv finansbladet Forbes (mars 2007). Lista inneheld 54 personar. Øvst tronar «stålkongen» Lakshmi Mittal, som kan skilte med 56 milliardar amerikanske dollar. På femteplass ligg softwareguruen Azim Premji, god for 15 milliardar dollar. Som andre nyrike lever dei bak høge murar, beskytta av væpna vakter, og viljen til å dele med andre er beskjeden.

Også geografisk byr India på stor skeivskap. Folkerike delstatar ved Ganges er særleg hardt råka. Uttar Pradesh har 188 millionar innbyggarar, Bihar 84 millionar. Begge er prega av fattigdom, analfabetisme og stadige kastefeidar. I Kerala, ein delstat i sør, har styresmaktene investert tungt i utdanning og helse. Resultatet er ikkje bare høgare vekst, men også færre forskjellar og færre kastefeidar. Statsminister Nehru lovde gratis og obligatorisk skolegang for alle barn i India innan 1960. Men vegen til målet er framleis lang, og bare seks av ti indarar kan lese og skrive.

Første bod: Alle på skolebenken

 Vel åtti prosent av indarane er hinduar. Eit mindretal, ca. tretten prosent, er muslimar, og det hender det oppstår valdelege samanstøyt mellom dei to gruppene. Men også mellom hinduane kan motsetnadene vere skarpe. Dei fleste av dei høyrer til ein bestemt kaste. Kastesystemet har røter i hinduismen og er ein måte å rangere menneske på. På utsida står dalitane (dei kastelause), som sjølv i dag kjenner seg meir eller mindre rettslause.

Indias første grunnlov forbaud ei kvar diskriminering på grunnlag av kaste. Men kastetenkinga lever. I 2007 blei den norske Raftoprisen tildelt ein organisasjon som kjempar for dalitanes sak, The National Campaign on Dalit Human Rights. «Dalitane lir under eit sosialt hierarki som er blitt halde ved lag i årtusen, og vi kan ikkje tillate at det held fram i fleire tusen år til,» sa kampanjeleiar Vincent Manoharan da prisen blei overrekt. Dalitane tel nær 170 millionar menneske. Mange av dei må nøye seg med lågstatusjobbar som å fjerne søppel og vaske toalett. Iblant blir dei nekta tilgang til templa. Noen snarveg ut av uføret finst ikkje, men første bod er å setje alle innbyggarar i landet på skolebenken.

Dalitanes situasjon illustrerer problema ved det indiske demokratiet. Offisielt kan alle avgi stemme, og dei kan velje mellom fleire rivaliserande parti. Men utan status og med låg sjølvtillit har dalitane lite å stille opp med.

Fattigdom og diskriminering betyr ofte dårleg helse, og India er ikkje noe unntak. Den indiske regjeringa bruker bare 1,3 prosent av budsjettet til helseoppgåver. På landsbygda finst bare éin lege pr. 2000 innbyggarar, og sytti millionar indarar har aldri vore hos lege. Dei har ikkje råd, eller legen finst ikkje. Svikten i helsestellet har ført til eit oppsving for sjukdommar som tuberkulose og polio. Offisielt lir minst seks millionar indarar av hiv og aids, men mange fryktar at minst ti millionar kan vere ramma. Samtidig byr India på topp moderne sjukehus for dei som kan betale. Desse sjukehusa blir oppsøkte ikkje bare av indarar, men også av pengesterke vestlege «helseturistar».

Fattigdom og vekstteikn side om side. India treng mye enerigi for å få bor fattigdommen.

Foto: stillpictures.com

India tar igjen Kina

Med ein årleg vekst på atten millionar vil India snart passere Kina i folketal. Ekspertane trur det kan skje om 25 år. Da vil begge landa ha mellom 1,5 og 1,6 milliardar innbyggarar. Kina vil kanskje klare å stabilisere sitt folketal på det nivået, men neppe India. I verste fall kan landet ha nær to milliardar munnar å mette før hundreåret er omme.

Kinas metode for å bremse folkeveksten har vore store dosar tvang. Slikt går ikkje i eit demokratisk land som India. Tvang blei forsøkt under unntakstilstanden frå 1975 til 1977, da millionar av kvinner og menn blei steriliserte. Som forfattaren Rohinton Mistry så levande skriv i ei av bøkene sine: «Plutseleg kom store politibilar med ulande sirener feiande inn på marknadsplassen. Gamle menn, unge gutar og husmødre med barn blei slepte opp på lastebilar. Noen få klarte å flykte, men dei fleste satt i fella som kyllingar i bur. Steriliseringsleiren lå ein kort kjøretur utanfor byen...»

Da unntakstilstanden var over, lovde politikarane «Aldri meir!» Det løftet har dei halde. Likevel må noe gjørast for å halde fødselstala nede. India har ei påfallande ung befolkning; femti prosent er under 25 år. Korleis skaffe dei skoleplass? Bustad, arbeid, helse? Ein trygg alderdom? Oppgåvene står i kø.

Millionar av indarar er i ferd med å bryte opp frå den fattige landsbygda. Jordflekkane er for små og kastar for lite av seg. I Kina går den største folkevandringa i historia føre seg; 250 millionar bønder har forlate gard og grunn sidan 1980. India blir nestemann ut. Derfor må indarane bu seg på å bygge tallause nye byar. Å sende arbeidskrafta til overbefolka storbyar som Delhi, Calcutta og Mumbai, nyttar ikkje. No hastar det med å utarbeide ein plan for å urbanisere landet på ein skrittvis og menneskevenleg måte.

Stormakta India

India er ei stormakt, og dei siste åra har landet hausta fleire utanrikspolitiske vinstar. Forholdet til USA og til Kina er blitt betre. Særleg det siste er viktig. I 1962 utkjempa indarar og kinesarar ein kortvarig grensekrig i Himalaya. No prøver partane å løyse striden ved forhandlingsbordet, og det økonomiske samkvemmet er større enn noen gong. Bare i 2007 aukte samhandelen med førti prosent.

I motsetnad til Kina er India ikkje fast medlem av Tryggingsrådet i FN. Men dei indiske leiarane legg ikkje skjul på at det er målet. Landet, seier dei, må få den statusen det fortener, både på grunn av folketalet og landets stadig viktigare økonomiske rolle.

Naboskapet med Pakistan er framleis prega av gjensidig mistillit, mye på grunn av striden om Jammu og Kashmir. I det fjellrike området i nord bur det for det meste muslimar. India gjør krav på heile Jammu og Kashmir, mens Pakistan vil ha ei folkeavstemming om den framtidige statusen til området. Dei noverande grensene skriv seg frå 1947. India kontrollerer vel halvdelen av området. Mens partene står på sitt, held valden fram, med stadige trefningar mellom islamistisk gerilja og indiske regjeringsstyrkar.

I 1974 prøvesprengde India si første atombombe, og i 1998 følgde Pakistan etter. Det tredje medlemmet av den asiatiske atomklubben er Kina. Dei aukande militærutgiftene er ei tung bør for indarane, og mye ville ha vore vunne med eit lågare spenningsnivå. I så fall kunne leiarane i New Delhi ha brukt meir pengar på skole og helse. Og ikkje minst på miljøet.

Gryande miljøkrise

Den gryande miljøkrisa heng som ein skugge over landa på det indiske subkontinentet. I Himalaya har snø og is tatt til å smelte; dei store isbreane krympar år for år. Om den globale oppvarminga held fram, kan verknadene for India bli katastrofale. Naboen Bangladesh er enda meir utsett. Fleire av dei store elvene i verda, som Ganges, Indus og Brahmaputra, kjem frå Himalaya. Snø- og issmeltinga vil gi auka vassføring og kan i verste fall føre til store oversvømmingar. På lengre sikt kan vassføringa bli dramatisk mindre og skape tørke, til stor skade for det indiske landbruket. Vasskrisa er der allereie, og det vatnet som finst, er ofte forureina. 1600 indarar døyr kvar dag av vassborne sjukdommar.

I India, som i mange andre delar av verda, vil kampen om vatnet tilspisse seg i åra som kjem. I lange delar av historia har indarane balansert på ein knivsegg mellom suksess og fiasko. Balanseakta er slett ikkje over.

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Asia

Personer

Torbjørn Færøvik
er forfattar og historikar med Asia som spesialfelt. I 1999 fekk han Brageprisen for boka INDIA – Stevnemøte med skjebnen.

Fakta

Fakta om republikken India

  • Forbundsrepublikk med 28 delstatar og 8 såkalla unionsterritorium.
  • Flateinnhold: 10 x større enn Norge.
  • Folketal: 1130 millionar innbyggarar (juli 2007).
  • Årleg vekst 18 millionar.
  • Hinduane utgjør 80,5 prosent av befolkninga, muslimane 13,4, kristne 2,3 og sikhar 1,9 prosent.
  • Skrive- og lesekyndige: 74 prosent av menn over femten år, 48 prosent av kvinnene.
  • India blei atommakt i 1975 og har ein ståande hær på 1,1 million soldatar.

Kjelde: World Factbook

Statsminister Singh: «Stå saman!»

«Seksti år gamle India er ein nasjon av unge menneske. For å realisere potensialet vårt, må vi investere i helse og skaffe alle barn utdanning. Vi må skape arbeid for alle, særleg for dei mindre privilegerte i samfunnet, og for dei som bur på landsbygda. Vi må fjerne forskjellane mellom by og land, og vi må sørge for at industraliseringa gir dei unge nok arbeid.» «Vi kan ikkje vere nøgde med det vi har oppnådd, og vi kan ikkje halde fram med den gamle ’business-as-usual’-tilnærminga til alle sider ved livet. Verda endrar seg raskt, og vi må lære oss å halde følge. Eg er fortvila over den inngrodde la-skure-holdninga til så mange av våre borgarar.»

«Vi må stå saman i kampen mot terrorisme og ekstremisme av alle slag. Ein så samansett nasjon som vår, som har meir enn ein milliard menneske, kan ikkje gjøre framsteg utan at vi arbeider saman til beste for fellesskapet. Indarar har vist at dei kvar for seg kan utmerke seg og konkurrere med dei aller
beste i heile verda. Også kollektivt må vi bli i stand til det.»

Statsminister Manmohan Singh i avisa The Hindu 15. august 2007