Iran-konflikten: Kor kritisk?
- Kva går Iran-konflikten ut på?
- Kven er partar i konflikten?
- Korleis har konflikten utvikla seg dei siste par åra?
- Kva kan skje i framtida?
Opptrapping av konflikten
Den første opptrappingsbølga starta i august 2005. Da la EU-landa Frankrike, Storbritannia og Tyskland (=EU3) – og Javier Solana på vegner av heile EU – fram ein økonomisk og politisk tilbodspakke til Iran. Pakken hadde noen klare manglar: Den inneheldt ingen tilbod om å bygge kjernekraftverk og heller ingen tryggingsgarantiar, slik EU3 hadde førespegla. Iran avviste utspelet som ei fornærming. I månadene som følgde, nytta USA eit kvart høve til å trappe opp konflikten: Irans nye president Mahmoud Ahmadinejad svarte i provoserande ordelag, og i januar 2006 sa utanriksminister Condoleezza Rice at saka var ferdigsnakka.
No gjensto bare diskusjonar om straffetiltak i Tryggingsrådet. På vårparten vende USA likevel tilbake til det diplomatiske sporet og blei med dei europeiske landa på å utarbeide ein ny ogbetre tilbodspakke til Iran. Amerikanarane sa seg også villige til å forhandle, saman med europearane, viss Iran innstilte all anriking av uran. Kanskje meinte den republikanske administrasjonen at det var best slik med tanke på kongressvalet i november 2006.
Den andre opptrappingsbølga begynte etter valet. Det nye denne gongen er FNsanksjonane og den militære opptrappinga. USA har hatt sanksjonar mot Iran sidan gisseldramaet i 1979–1980, men styresmaktene i Teheran har greidd seg godt likevel. Dei har vanskelegare for å takle FN-sanksjonane. For desse råkar den iranske økonomien, som Ahmadinejad og regjeringa hans har hatt ei dårleg hand med.
Kritikarar ymtar frampå om at det må vere noe galt med iransk utanrikspolitikk ettersom omverda – ikkje bare USA – vender seg mot landet. Det er likevel lite truleg at sanksjonane gir noen løysing på konflikten. Hadde USA vore villig til å forhandle med Iran om ei politisk løysing, i eit opplegg med både gulrot og pisk, hadde utsiktene vore betre. Men Bush- administrasjonen har som kjent ein inngrodd motvilje mot å snakke med sine fiendar.
Den militære opptrappinga omfattar to hangarskipsgrupper. Ei tredje er på veg: Den skal kanskje erstatte ei av dei to, men ei tid kan det bli tre slike grupper i området. I tillegg til flya og kryssarrakettar på skip og u-båtar kan USA bruke bombefly frå heimebasar i USA og Storbritannia og frå basar i regionen, mellom anna Diego Garcia i Det indiske havet, som har vokst mye dei siste åra. Trusselen om bruk av militær makt er derfor heilt tydeleg. Om våpna faktisk vil bli brukt, er ei anna sak.
Atomprogram eller atomvåpenprogram?
Da oljeprisen gikk sterkt opp på 1970-talet, starta sjahen – Reza Pahlavi – eit omfattande kjernefysisk program. Europeiske og amerikanske selskap konkurrerte om oppdraga. Da ayatolla Khomeini kom til makta i 1979, blei programmet stansa: Ayatollaen viste inga interesse for kjernefysiske spørsmål.
Men på midten av 1980- talet, mens krigen med Irak raste (1980–1988), blei det ny framdrift i det. Iran begynte å samarbeide med eit illegalt nettverk leia av den pakistanske atombombas far, Ahmad Qadeer Khan. Dei tilbaud teknologi for anriking av uran. Khan hadde stole denne teknologien frå det tysknederlandske anrikingsanlegget i Almelo (Nederland), der han jobba ei tid, og brukt den i det hemmelege pakistanske atomvåpenprogrammet. Nettverket blei rulla opp etter at eit tysk skip på veg til Libya, «BBC China», blei stansa tidleg i oktober 2003 med kjernefysisk teknologi om bord. Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har sidan konstatert at selskap og enkeltpersonar frå meir enn 30 land på fire kontinent bidro til det. (Men ikkje frå Russland, der mange trudde at faren for lekkasjar var størst).
I andre halvdel av oktober – etter 18 år med hemmeleghald – ga iranarane ei omfattande utgreiing for atomprogrammet. Etter at lasten på «BBC China» var avslørt, hadde dei knapt noe betre val. IAEA fekk høve til å praktisere den såkalla tilleggsprotokollen til standardavtalen om tryggingskontroll (del av ikkjespreiingsregimet). Denne gir utvida tilgang til informasjon og inspeksjonar. Vilkåret er at informasjonen og stadene som skal inspiserast, er relaterte til spaltbart materiale – flaskehalsen i prosessen fram mot ferdige atomvåpen.
IAEA kan ikkje inspisere militære anlegg med mindre det er grunn til å tru at det foregår ein kjernefysisk relatert verksemd på staden. Iran blei likevel oppmoda til frivillig å tillate slike inspeksjonar, noe iranarane gjorde ved einskilde høve. I meir enn to år aksepterte Iran meir omfattande kontroll frå IAEA enn noe anna land i verda.
Hausten 2004 kunne IAEA konstatere at kjernefysisk materiale ikkje var avleia frå atomprogrammet, og at Iran for så vidt etterlever sine plikter etter avtalen om tryggingskontroll. Avtalebrota gjeld perioden 1985–2003. Slike konklusjonar er baserte på den informasjonen vertslandet sjølv gir om aktivitetane: Byrået kan ikkje seie om det framleis finst hemmelege anlegg eller aktivitetar i landet. Det er stadig ein del uteståande spørsmål som tilleggsprotokollen og dei frivillige inspeksjonane kunne ha bidratt til å avklare. Men Iran trekte denne retten til kontroll da saka blei brakt inn for Tryggingsrådet i februar 2006.
Det kritiske elementet er anrikinga, som er basert på sentrifugar som spinn med stor fart og som skil dei tunge U-238- isotopane frå det spaltbare U-235. Iran har produsert ei stor mengd urangass (UF6), som er den formen uranet må ha når det blir mata inn i sentrifugane. Landet er no også nær ved å fullføre eit pilotanlegg i Natanz med 3000 sentrifugar.
Teknisk sett kan dette gi nok høganrika uran for 1–2 bomber av Hiroshima-type pr. år. Å utvikle slike våpen er forholdsvis enkelt: I 1945 var USA rimeleg trygg på at Hiroshimabomba, som også var basert på høganrika uran, ville verke sjølv om den ikkje var testa. I april 2007, under eittårsmarkeringa for oppstarten av anlegget, erklærte iranske talsmenn at dei no er budde til å starte anriking i industriell skala. Målet er 50 000 sentrifugar og 7 MWe elektrisk kraft. Problemet er at den same teknologien kan brukast også for militære formål. Ved å resirkulere urangassen får ein stadig høgare konsentrasjonar av U-235.
Motiva – kva vil Iran
Kor mye veit vi eigentleg? Er det fortsatt aktivitetar som blir haldne skjulte? Kva er motiva? Iranarane sjølve hevdar at dei bare har fredelege mål med programmet og at alt er lagt på bordet. Andre har vanskeleg for å feste lit til det. Israel seier seg overtydd om at det framleis finst hemmelege anlegg i landet. USA seier mest det same: Iranarane kunngjør bare så mye som dei må for ikkje å bli tatt i juks på nytt.
Ei anna tolking går ut på at alt som har med spaltbart materiale å gjøre, er rapportert til IAEA, men at det som eventuelt er gjort med ikkje-kjernefysiske delar av kjernefysiske våpen – våpendesign, utløysingsmekanismar, tilpassing av sprengladningar til avleveringsmiddel – framleis blir halde hemmeleg. IAEA har ikkje rett til å leite etter slike prosjekt i noe fall, og å tale opent om dei ville vere å skyte seg sjølv i foten.
I dag er ikkje IAEA lenger i stand til å gjøre meir med dei uteståande spørsmåla. Etter kvart som presset mot Iran aukar, reagerer styresmaktene med å redusere byråets arbeidskår. Etter å ha stansa dei frivillige inspeksjonane og gått tilbake på tilleggsprotokollen – Iran ratifiserte den aldri, men let likevel IAEA praktisere den mellom seinhausten 2004 og våren 2006 – har landet no også trekt seg frå eit punkt i standardavtalen: Iranarane vil ikkje lenger gi IAEA designinformasjon om nye anlegg som er under planlegging, men avgrense seg til å informere byrået 180 dagar før slike anlegg blir sette i drift. Dei trekker seg frå avtalepliktene etter kvart som presset mot landet aukar, med utmelding av ikkjespreiingsavtalen (NPT) som endestasjon. Etter kvart som innsynet blir avgrensa, aukar uvissa om kva som går føre seg. Det gir større fridom for Iran og forsterka mistanke i omverda.
Det er brei semje (konsensus) i Iran om atomprogrammet som høgteknologisk prestisjeprogram. Rett nok er det ulike syn på den utanrikspolitiske handsaminga av det – Ahmadinejad blir kritisert for å velje største motstands veg med sine provokatoriske ytringar – men også kritikarane vil drive programmet vidare.
Sjølv om Iran har mange maktsentra, bygger programmet og utanrikspolitikken på konsensus i øvre maktsjikt. Blant dei er øvste leiar Ali Kamenei og leiaren for det nasjonale tryggingsrådet, Ali Larijani. President Ahmadinejad er blitt mindre viktig etter kvart. Han har liten sjanse til å bli attvald, men ikkje på grunn av holdninga til atomprogrammet: Det er den dårlege økonomiske stoda og ulike andre innanrikspolitiske spørsmål og utanrikspolitiske utspel som svekker stillinga hans.
Konsensuskravet understøttar inntrykket av at Iran ikkje vil forlate den kursen som er vald. Dei vestlege landa står også steilt på sitt: Iran må stanse all anriking. Russland og Kina, som har politiske og økonomiske interesser i Iran, prøver å dempe konflikten, men har likevel ikkje lagt ned veto i Tryggingsrådet mot FNsanksjonar.
Iran har hatt mange utanrikspolitiske suksessar i det siste. Arvefienden Saddam Hussein i nabolandet Irak er fjerna, og den iranske innverknaden både der og elles i regionen er kraftig styrkt. Det sunnimuslimske (Iran er sjiamuslimsk) Taliban-regimet i Afghanistan er også fjerna, og krigen i Libanon sommaren 2006 kan tolkast som ein siger for den Iran-støtta Hizbollah-militsen, sjølv om den leid store tap.
USAs problem i Irak gir større handlingsrom for Iran, som nyt sterk støtte for sin antiimperialistiske politikk på grunnplanet i regionen. Iran står meir og meir fram som ei leiande makt i Midtausten. Det kjernefysiske programmet, som viser den persiske sivilisasjonens teknologiske nivå, gir auka status og politisk tyngd. Dei sunnimuslimske makthavarane i andre land i regionen blir utfordra. Og både Egypt og Saudi- Arabia fryktar for sin tradisjonelle politiske leiarrolle i Midtausten. Alt dette gir dei iranske leiarane sjølvtillit.
Er atomvåpen den eigentlege motivasjonen bak atomprogrammet? Inntil vidare er det ikkje nødvendig for Iran å fatte noe slikt vedtak no. For programmet er slik forma at jo meir det blir utvikla, dess meir anrika uran får Iran og dess kortare blir vegen til våpen i alle fall. Iran har imidlertid eit sterkt tryggingspolitisk motiv. Landet er kringsatt av atomvåpenstatar på alle kantar: Russland i nord, Pakistan i aust, innan rekkevidde for Israel i vest, og USA er overalt.
Regimet blir trua på livet av amerikanarane, og i det lange løp meiner mange at bare atomvåpen kan halde fiendane tilbake. Dette var lærdommen etter den første Golfkrigen i 1991 – ingen bør risikere krig med USA utan å ha eigne atomvåpen. For ingen er i nærleiken av å matche USAs konvensjonelle slagkraft – og utviklinga i Nordaust-Asia kan takast som eit prov. Nordkoreanarane har skaffa seg slike våpen, og USA angrip ikkje dei; dei forhandlar i staden.
Utsiktene
Israel seier at det må bli ei løysing mens George Bush er president. Anten kan det bli ein fredeleg utgang der Iran bøyer av, eller USA endrar holdning og innleier bilaterale forhandlingar. Men ingen av delane ser ut til å skje. Eller utgangen kan bli bombing av kjernefysiske anlegg, revolusjonsgarden eller anna Iran kan nytte til eit motangrep. For Israel er Iran den største trusselen. Hvis konflikten trekker ut, iranarane held fram som dei stemnar og USA ikkje grip inn med makt, kan Israel komme til å gjøre det. Da vil bombinga truleg bare omfatte atominstallasjonane. Kapasiteten rekk knapt til meir.
I USA er folket krigstrøytt. Meiningsmålingane ber klart bod om det. Det treng likevel ikkje bety at Kongressen vil gå imot våpenbruk, for harmen mot prestestyret i Teheran stikk djupt i begge partia. Demokratane hadde presidenten da gisseldramaet starta i 1979. Vidare har det vore amerikansk politikk i meir enn 50 år å ha fysisk kontroll i Golfen, for å trygge oljeforsyninga: Det som kan true denne kontrollen er i første rekke Iran utstyrt med atomvåpen. Da veg kan hende innvendingane frå fagmilitære tyngre. Dei har komme opent fram ved fleire høve, og mange av lekkasjane frå den militære planlegginga kan stamme frå fagmilitære som vil forhindre krig.
Kan iranarane bli overtydde om å stanse anrikingsprogrammet gjennom økonomiske insentiv og erklæringar frå USA og andre som garanterer for tryggleiken deira? Solana og Larijani talar fortsatt saman. Kan Nord-Korea bli atomvåpenfritt ved hjelp av slike middel? Til sjuande og sist er det tvilsamt. For så lenge dei eksisterande atommaktene understreker kor viktige atomvåpna er, er det vanskelig å overbevise alle andre om at dei er nyttelause for dei. Ikkjespreiingsavtalen koplar krav til ikkjeatommaktene om ikkjespreiing med krav til atommaktene om nedrusting. Den logikken er ikkje til å komme forbi.