Nobels fredspris 2011: Tre kvinner får fredsprisen
Personer
- Kva er grunngivinga for tildelinga av Nobels fredspris for 2011?
- Kva for kvalifikasjonar bør dei som sit i Nobelkomitéen, ha?
- Korfor vakte pristildelinga ekstra stor glede i 2011?
- Kva for ein bakgrunn har fredsprisvinnarane?
Kven skal få fredsprisen?
Særleg pristildelinga for dei to siste åra har vakt sterk kritikk. Den kinesiske regjeringa blei rasande i 2010 då dissidenten Liu Xiaobo fekk prisen «for ikkje-valdeleg kamp for sentrale menneskerettar i Kina». Og mange blei forundra då presidenten i USA, Barack Obama, fekk prisen i 2009. Han var leiar for den største militærmakta i verda, som førte krig i Afghanistan og Irak. Men Nobelkomitéen grunnga prisen med «den ekstraordinære innsatsen hans for å styrke internasjonalt diplomati og mellomfolkeleg samarbeid.»
Alfred Nobel skreiv testamentet sitt i 1895. Der skreiv han at fredsprisen skulle gå til den personen «som hadde verka mest eller best for å fremje forbrødring mellom folka og avskaffe eller minske ståande hærar samt organisere og spreie fredskongressar.»
Så mye som har hendt sidan 1895, er det klart at ein meir enn 100 år etter må tolke teksten og tilpasse han til ei anna tid. Men korleis? Her er det ulike meiningar, og Nobelkomitéen har óg skifta syn opp gjennom åra.
Bare for dei siste prisane finn vi ulike grunnar for tildelingane: løyse internasjonale konfliktar på fredeleg vis, motverke klimaendringar, skape sosial og økonomisk utvikling nedanfrå, hindre at kjernekraft blir nytta til militære føremål, fremje bærekraftig utvikling, demokrati og menneskerettar, fred og forsoning.
Den som har gått lengst i kritikken av Nobelkomitéen er juristen Fredrik S. Heffermehl. I boka si «Nobels vilje» hevdar han at mange av dei seinare tildelingane har vore i strid med testamentet til Alfred Nobel. Prisen skulle gå til "fredsförfäktare", ifølge Nobel.
Målet hans var å hindre krig ved ei «forbrødring mellom nasjonane» − eit globalt samarbeid om nedrusting basert på global rett og globale institusjonar. Det «utvida fredsomgrepet» som Nobelkomiteen i mange høve har lagt til grunn for sine tildelingar, har ikkje noko med testamentet til Nobel å gjøre, påpeiker Heffermehl. Skulle arbeidet for militære reduksjonar lykkast, vil det gi positive ringverknader på mange område − demokrati og menneskerettar, kamp mot fattigdom, velferd, miljø og ressursbruk ….»
Det har óg vore stilt spørsmål ved samansetjinga av Nobelkomitéen. Tidlegare blei mannsdominansen kritisert. No har komitéen overvekt av kvinner. Men dei er alle etnisk norske politikarer, om enn frå ulike parti. Deltaking av ekspertar frå ulike område, grasrotaktivistar frå fredsrørsla eller folk med ein annan kulturell bakgrunn kunne gi komitéen breiare grunnlag for vurdering, blir det hevda.
Kvifor så stor glede i 2011?
For dei som meiner at prisen er blitt knytt til føremål som nok er gode, men ikkje retteleg i tråd med testamentet til Alfred Nobel, var det ei glede at prisen no gjekk til fredsarbeid i meir tradisjonell forstand.
For mange har det også vore eit problem at prisen så ofte har gått til menn og så sjeldan til kvinner. Berre 15 kvinner (inkl. 2011) er blitt tildelt fredsprisen sidan 1901, mens 86 menn har fått den. Når vi veit at kvinner over heile kloden har slåsst for fred, og menn har vore statsleiarar, hærsjefar og militære, verkar det underleg at så få kvinner har blitt æra med ein fredspris.
Aldri før har Nobelkomitéen fått så mange forslag til prisen som i 2011. 241 ulike organisasjonar og personar var nominerte. Konkurransen var hard. Desto meir oppløftande er det at kvinner endeleg gjekk til topps, og at Nobelkomitéen særleg la vekt på kvinnene si rolle i arbeidet for demokrati og varig fred i verda.
Folk som er opptekne av fredsbygging i Afrika og kampen for demokrati i den arabiske verda, sette særleg pris på at prisen gjekk til kvinner i Liberia og Jemen.
Liberia – lang veg til fred
Liberia blei grunnlagt av frigjevne slavar frå USA. Dei etablerte seg som ei overklasse og utbytta folkegruppene som budde der frå før. Jorda blei teke frå dei, og dei blei tvangsarbeidskraft utan rettar. Gummi og jernmalm ga store inntekter til den americo-liberiske eliten, som monopoliserte makt og fordelar. Blant folk flest rådde fattigdom og analfabetisme, og motstand blei slått hardt ned på.
Ellen Sirleaf er ikkje americo-liberiar. Ho er halvt gola, kvart kru (opphavlege folkegrupper) og kvart tysk. Ho blei fødd i 1938 i hovudstaden Monrovia og fekk gå på vidaregåande skole. Ho gifta seg og fekk 4 søner som familien tok seg av då ho gjekk på økonomisk høgskole (business college) i USA. Seinare studerte ho økonomi og tok mastergrad i offentleg administrasjon. Då ho kom attende til Monrovia, blei ho finansminister i regjeringa til americo-liberiaren William Tolbert.
Opposisjonen mot regimet organiserte seg i 1970-åra, og i 1980 slo Samuel Doe − ein underoffiser frå innlandet − til. President Tolbert og regjeringa hans blei førte ned på stranda ved Monrovia, der alle blei skotne. Berre fire ministre slapp unna, blant dei Ellen Sirleaf. Men snart måtte ho forlate landet. Det nye styret synte seg like despotisk som det gamle.
Det internasjonale presset mot Doe auka stadig, og i 1985 gjekk han med på å halde val. Ellen Sirleaf dro heim for å stille. Men ho blei arrestert og slapp først fri etter at kvinnegrupper samla inn meir enn 10 000 underskrifter, og USA heldt tilbake bistanden sin. Ho blei vald til senator, men fengsla på nytt. Og det var på hengande håret at ho ikkje blei både valdteken og drepen. Hundrevis, kan hende tusenvis av liberiar blei myrda på denne tida. Men Ellen Sirleaf hadde flaks og slapp unna.
I 1989 invaderte americo-liberiaren Charles Taylor landet frå Elfenbeinskysten for å ta makta frå Doe. Snart var ein full borgarkrig i gang med opptil sju krigførande fraksjonar. Andre land, regionale og internasjonale organisasjonar prøvde å få partane til å stoppe krigføringa, og den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen ECOWAS sende inn fredsbevarande styrkar. Kvinner i Liberia demonstrerte og kravde at leiarane skulle slutte fred. Først etter elleve forsøk mellom 1990 og 1995, kom ei fredsavtale i stand, og ei kvinne, Ruth Perry, blei utpeika til statsoverhovud med oppgåve å avvæpne styrkane og organisere val.
Krigsherren Charles Taylor blei vald til president. Han var den einaste som hadde ressursar til å drive valkamp, og folk var redde for at han ville halde fram med krigen dersom han ikkje blei president. I byrjinga stødde Ellen Sirleaf Taylor for å bli kvitt Doe. Ho snudde og stilte likevel mot Taylor som presidentkandidat i 1997. Men ho fekk berre 9,5 prosent av røystene.
Det blei ikkje fred med Taylor som leiar. Han plyndra landet for ressursar, øydela økonomien og braut menneskerettane. Det gjekk ikkje lenge før opposisjonen tok til våpen, og borgarkrigen var i gang på nytt. Situasjonen forverra seg i heile regionen med væpna konflikt også i nabolandet Sierra Leone, der Taylor var innblanda. Tryggingsrådet i FN vedtok sanksjonar, og spesialdomstolen for Sierra Leone anklaga Taylor for brotsverk mot menneskeslekta. Etter mye fram og tilbake trekte Taylor seg endeleg som president i 2003 og dro i eksil til Nigeria.
Leymah Gbowee
Leymah Gbowee blei fødd i ein landsby i det sentrale Liberia i 1972 og flytta til Monrovia då Taylor invaderte landet. Ho gifta seg, fekk seks barn og reagerte sterkt på valden som krigen førte med seg. Ho tok mastergrad i konfliktløysing i USA, blei traumerådgivar og hjelpte valdtekne jenter og kvinner. Saman med andre kvinner arbeidde ho for å få slutt på barnesoldatar, valdtekt og andre overgrep.
Kvinneorganisasjonar som Mano River Women’s Peace Network og Liberian Women’s Initiative pressa på for å få til fredsforhandlingar. Leymah Gbowee grunnla Women of Liberia Mass Action for Peace. Ein hær av kvinner i kvitt sto opp og tok til motmæle når ingen andre gjorde det. Dei var ikkje lenger redde, for det verst tenkelege hadde alt hendt dei, skriv Gbowee i memoarboka Mighty be our power. Dei starta i 2002 med lokale kvinner som ba og song på fiskemarknaden.
Seinare organiserte dei felles bøn med kristne og muslimar. «Pray the devil back til hell», sa Leymah Gbowee og gjekk mot bruk av militærkraft og vald. Ho var med å skipe Women in Peacebuilding Network, med kristne og muslimske kvinner, og tusenvis protesterte i Monrovia. Dei bidro til å tvinge fram fredssamtalar i Ghana. Men i fredsprosessen blei kvinnene sette på sidelinja (marginaliserte).
Ellen Sirleaf
Ingen venta at Ellen Sirleaf skulle bli vald til president i 2005. Det var 22 kandidatar, av dei 2 kvinner. Men «Ma Ellen» mobiliserte − ikkje minst dei liberiske kvinnene, og i andre omgang vann ho med nesten 6o prosent av røystene. 67 år gamal blei ho den første valde kvinnelege presidenten i Afrika og den første valde svarte kvinnelege statssjefen i verda.
Utfordringene var overveldande. Landet som er om lag så stort som Hedmark fylke, låg totalt i ruinar. 200 000 var døde, og ein tredel av innbyggarane på flukt. Det var ikkje mulig å rette opp alt i ei handvending. Men i løpet av dei neste seks åra var framgangen usedvanleg stor, sjølv om vesentlege problem sto att å løyse, m.a. når det galdt korrupsjon. Det var fred, enda om han var skjør.
Tryggleiken var blitt betre, demokratiet var forsterka, statsinstitusjonane fungerte delvis, og økonomien var i vekst. Spesielt satsa Sirleaf for å styrke kvinnene si stilling. Mellom anna oppretta ho ei eiga politieining for å motverke seksuelle overgrep. Charles Tayor blei utlevert til spesialdomstolen for Sierra Leone. Sirleaf blei kritisert, fordi ho hadde stødd han ein gong, fordi ho la for lite vekt på nasjonal forsoning og fordi ingen blei stilte for retten for brotsverk i Liberia under borgarkrigane.
Som president samarbeidde Ellen Sirleaf med Leymah Gbowee og andre liberiske kvinner. Saman synte dei styrken til kvinner i fredsbygging og kamp for kvinnerettar. Sirleaf blei attvald som president med stort fleirtal i 2011 − noen veker etter at ho fekk fredsprisen.
Jemen i omforming − Tawakkol Karman
Den arabiske våren i 2011 brakte araberlanda på overskriftene i aviser over heile verda. Folk reiste seg mot diktatur og undertrykking; dei kravde demokrati, menneskerettar og betre levekår.
I Jemen hadde president Ali Abdullah Saleh vore president i 33 år, først i Nord-Jemen, så i det sameina landet frå 1999. Landet blei rekna som eit «gryande demokrati», og Saleh blei attvald i 2006 i eit val med fusk, vald og brot på pressefridomen.
Tawakkol Karman blei fødd i 1979, tok utdanning i handel og statsvitskap ved unversitetet i Sanaa, gifta seg og fekk tre barn. Ho arbeidde som journalist, og saman med kolleger starta ho i 2005 organisasjonen Women Journalists Without Chains. Dei ville arbeide for ytringsfridom og grunnleggande rettar. Karman rapporterte modig om brot på menneskerettane, og i 2007 byrja ho å organisere fredelege demonstrasjonar kvar veke mot korrupsjon i regjeringa, for frigiving av politiske fangar, for ein demokratisk og sekulær stat og rettar for kvinnene.
Karman blei arrestert og fekk tilnamnet «Mor av revolusjonen». Ho er med i det leiande islamistiske opposisjonspartiet i Jemen, men er ikkje samd med den konservative fløyen i partiet når det gjeld kvinnerettar. Mellom anna nyttar ho ikkje ansiktsdekkande niqab, som dei fleste jemenittiske kvinner, men ber hovudskaut. Protestane mot regimet leier ho frå ein teltleir i sentrum av hovudstaden.
Tawakkol Karman er den første arabiske kvinna, og den andre muslimske, som har fått Nobels fredspris, og ho er den yngste nokon gong som har fått prisen.
Kvinnene si rolle i fredsarbeidet
Det tok lang tid før kvinnene var oppfatta som anna enn ofre i væpna konflikt. Men det skjedde eit gjennombrot i 2000, då Tryggingsrådet i FN vedtok resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Nobelkomitéen viser no til resolusjonen, men det er langt att til kvinner blir aktørar på lik line med menn i fredsprosessar og fredsarbeid generelt.
Resolusjon 1325 frå Tryggingsrådet i FN (resten er henta frå fn1325.no, som siterer frå resolusjon 1325)
Resolusjon 1325 om kvinner, fred og sikkerhet har som overordnet mål å øke kvinners deltakelse og innflytelse i arbeidet med å forebygge, håndtere og løse konflikter. Resolusjonen skal også bidra til å ivareta kvinners menneskerettigheter under flukt, i krig og konflikt og integrere kjønnsperspektivet i fredsbyggende arbeid.
Med resolusjon 1325 i 2000 tok Sikkerhetsrådet for første gang i FNs historie stilling til spørsmål omkring kvinners rolle og erfaringer i væpnet
konflikt.
Sikkerhetsrådet ...
- viser til flere tidligere resolusjoner: 1261 (1999), 1265 (1999), nr 1296 (2000) og 1314 (2000), i tillegg til erklæringer fra rådets president og til presidentens uttalelse til pressen på den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2000 (SC/6816),
- viser til forpliktelsene ifølge Beijing-erklæringen og handlingsprogrammet (A/52/231), og i sluttdokumentet fra den 23. spesialsesjon (Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred for det 21. århundre), spesielt det som handler om kvinner og væpnet konflikt,
- minner om FN-paktens formål og prinsipper og Sikkerhetsrådets hovedansvar ifølge pakten for å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet,
- uttrykker bekymring over at sivile, spesielt kvinner og barn, utgjør det store flertall av dem som blir rammet av væpnet konflikt, bl.a. som flyktninger og internflyktninger, og som i økende grad blir offer for stridende og andre bevæpnete grupper, og erkjenner følgene av dette for varig fred og sikkerhet, og at Rådets rolle må styrkes gjennom vedtak som kan forebygge og løse konflikter
- bekrefter på nytt kvinners viktige rolle for å forebygge og løse konflikter og drive fredsbygging, og understreker hvor viktig det er at kvinner deltar på lik linje og er fullt involvert i alle tiltak for å opprettholde og fremme fred og sikkerhet, samt at kvinner må delta mer i beslutningsprosesser for forebygging og løsning av konflikter
- bekrefter også behovet for å gjennomføre fullt ut internasjonal humanitær lovgivning og folkerettsbestemmelser som beskytter kvinners og jenter rettigheter under og etter konflikter
- legger vekt på at alle parter sikrer at programmer for minerydding og mineoppmerksomhet tar hensyn til kvinners og jenter spesielle behov
- erkjenner det presserende behovet for å integrere et kvinneperspektiv i fredsbevarende operasjoner,
- erkjenner også at forståelse for hvordan væpnet konflikt virker på kvinner og jenter, og at effektive institusjonelle ordninger for å garantere dem beskyttelse og full deltakelse i fredsprosessen vil bidra vesentlig til å opprettholde og fremme fred og sikkerhet
- peker på behovet for bedre data om virkninger av væpnet konflikt på kvinner og jenter.
Kjelde: fn1325.no