Hopp til innhold
Bilde av jenter og kvinner i Malawi

Bilde av jenter og kvinner i forskjellige situasjonar, Malawi

Bilde: Utviklingsfondet

Operasjon Dagsverk 2014: Kvinner og utdanning i Malawi

Retten til utdanning er ein universell mediummenneskerett. Utdanning er, forutan å vere viktig i seg sjølv, avgjerande for å oppnå andre utviklingsmål. Likevel har ikkje alle tilgang til utdanning, og det er store forskjellar både mellom land og mellom kjønn. Det er til hinder for rettferdig og mediumberekraftig utvikling.

Personer

Hanna Grønås Schanke
arbeider med bistandsspørsmål ved den norske ambassaden i Malawi.
  • Kva for eit land er Malawi?
  • Kva er nokre av utfordringane som kvinner i Malawi møter?
  • Korleis kan utdanning for kvinner gjere ein forskjell?
  • Kva kan gutar i Malawi få ut av årets OD?

Med liten plass til rådvelde har vi valt å konsentrere OD-artikkelen om det eine  av dei to OD-landa: Malawi. Kva kan du sjølv finne ut om det andre prosjektlandet i 2014 – Etiopia og (HHD 2015:10)?

Bakgrunnsforhold

Malawi blir ofte kalla «Afrikas varme hjarte», av fleire grunnar. Landet ligg midt i Afrika, klimaet er jamnt varmt året gjennom, og befolkninga er kjent som særs vennleg. Det er eit fredeleg land, med færre politiske, religiøse og militære konfliktar enn mange av nabolanda. Malawi er blant dei afrikanske landa som har gjort mest framgang i å nå enkelte sentrale utviklingsmål.

Kart over Afrika

Likevel er Malawi eit av dei fattigaste landa i Afrika sør for Sahara. Befolkningsveksten er høg og gjennomsnittsinntekta låg. Dei fleste innbyggarane bur på landsbygda. Der er dei avhengige av føreseielege temperaturar og nedbør for å kunne dyrke mat, og det er langt mellom marknadene. Situasjonen vil kunne bli vanskelegare i åra framover, Malawi er nemleg blant dei landa som ligg an til å bli hardast ramma av klimaendringar. Som i andre fattige land blir kvinnene dobbelt ramma. Husholdningar leia av kvinner er i gjennomsnitt fattigare enn husholdningar leia av menn. I byområda eig menn rundt 80 prosent av boligar og land, kvinner berre 20 prosent. Meir og betre utdanning for kvinner er éin av vegane ut av denne røyndommen.

Feminisert fattigdomsfelle

Dei fleste malawiarar bor utanfor byane, og hovudinntektskjelda er sjølvbergingsjordbruk (subsistensjordbruk) – dyrking først og fremst til eige forbruk. Over halvparten av befolkninga er rekna som fattige.

Fattigdom har mange konsekvensar. Det blir vanskeleg, eller kanskje til og med umulig, å dekke grunnleggande behov. Mange har verken råd til nok mat, nok klær eller tak over hovudet. Mangel på mat kan gi underernæring, som igjen skapar dårlegare føresetnad for læring, og lågare arbeidskapasitet. I tillegg medfører underernæring ein betydeleg helserisiko. I eit land med få og dårlege helsetilbod, og låg kapasitet i helsevesenet, samt at store delar av befolkninga lever av fysisk arbeid, er dette eit ekstra stort problem. Mindre gode sanitærforhold – mangel på atskilt toalett og på rennande vatn – skapar grobotn for mange sjukdommar både hos barn og voksne. Muligheita til å ta val som kan gje auka inntekter i framtida blir mindre – noko som igjen gjer det vanskeleg å komme seg ut av fattigdommen. Dette blir ofte kalla ei fattigdomsfelle

I mange land, også i Malawi, hamnar kvinner oftare i ei slik felle enn menn. Malawiske kvinner tener mindre enn menn, og har færre muligheiter til å påverke avgjerder som gjeld dei. Kvinners stilling blir også påverka av den høge befolkningsveksten. I tillegg til å føde eigne barn, får kvinner ofte ansvar for andres barn på grunn av at mange dør av aids og andre sjukdommar. Av same grunn er det mange barn – oftast jenter – som har ansvar for yngre søsken. Dette reduserer igjen muligheita deira til å ta utdanning og til å delta på arbeidsmarknaden utanfor heimen.

Bilde av to kvinner

Kvinner oppmodar kvinner.

Foto: Utviklingsfondet

Meir utdanning er eit gode ikkje berre for jentene sjølve, men for heile samfunnet: Det er berekna at bruttonasjonalproduktet i eit låginntektsland aukar med 0,37 prosent for kvart ekstra år med skolegang befolkninga får, samtidig som den framtidige inntekta for kvar jente aukar med 10 til 20 prosent. Vegen ut av fattigdomsfella for jentene er dermed også eit steg på vegen ut av fattigdom for Malawi.

Klimaendringane vil kunne forsterke ulikskapen mellom menn og kvinners stilling i det malawiske samfunnet. Over heile verda vil dei fattigaste bli hardast ramma av desse endringane, og husholdningar leia av kvinner er ofte dei mest utsette. Kvinnelege bønder har i gjennomsnitt lågare produktivitet enn menn, blant anna fordi det er vanskelegare for dei å ta opp lån.  Dermed blir det vanskelegare å kjøpe nødvendige innsatsfaktorar som gjødsel og såkorn.

I tillegg er det ofte kvinner og jenter som har til arbeidsoppgåve å hente vatn og ved. Det vil ta ein enda større del av dagen når det venteleg blir meir tørke og meir avskoging. Når livet på landsbygda blir endå meir arbeidskrevjande, samtidig som produksjonen blir lågare, fører det til auka urbanisering og press på arbeidsmarknadene i byane. Dette vil igjen kunne slå negativt ut for kvinnene som har mindre arbeidserfaring og lågare utdanning.

Utdanning og sårbarheitsfelle

Utdanning gir muligheiter, både til å få arbeid og til å delta meir i samfunnet rundt. Eit fullverdig demokrati avheng av at folk flest kan lese, skrive og ta stilling i vala dei blir stilte overfor. Utdanning kan bidra til meir sjølvstende for den einskilde og soleis gjere det mulig for jenter å delta på arbeidsmarknaden. Kvinner som har muligheit til å skaffe seg eiga inntekt, og til å bestemme over pengane dei tener, har større sjanse for å bli hørt i – og avgjere – beslutningar som påverkar livet deira.

I dag kan litt over 70 prosent av malawiske jenter mellom 15 og 24 år lese; mellom gutane i same aldersgruppe er talet litt under 80 prosent. Mange malawiarar – anslag seier over halvparten – fullfører ikkje grunnskoleutdanning. Det skuldast blant anna fattigdom. I tillegg er både foreldre og elevar ofte kritiske både til relevansen av og kvaliteten på utdanninga – skoleklassane er store, tilgangen på læremateriell er dårleg, og det er for få utdanna lærarar. Muligheita for å få arbeid etter endt utdanning er heller ikkje alltid til stades. Desse problema er felles for gutar og jenter, om enn i litt ulik grad, og vil kunne auke med den sterke befolkningsveksten. Jenter møter også nokre tilleggsutfordringar, som aukar med alderen, mellom anna vald og overgrep på skolen eller skolevegen. I tillegg er tidleg ekteskap og graviditet utbreidd.

Etter malawisk lovverk har jenter som har blitt gravide, rett til å vende tilbake til skolen etter at barnet er fødd, eller etter at graviditeten på annan måte er avslutta, men denne retten blir ikkje alltid oppfylt. Det er heller ikkje alltid mora sjølv har muligheit eller lyst til å vende tilbake. Dermed inneber graviditet ofte at utdanninga blir avbrote. I tillegg medfører fødsel store helseutfordringar for dei svært unge kvinnene.

Bilde av ein bonde og to skolejenter

Ho fekk ikkje utdanning; dei får.

Foto: Utviklingsfondet og ambassaden i Malawi

Også tenåringsekteskap heng saman med fattigdom. Det er kostbart for ein familie å ha mange barn buande heime. I dag giftar rundt halvparten av malawiske jenter seg før dei fyller 18 år.  Jenter som giftar seg før dei blir myndige, og før dei har fullført skolegangen, blir sårbare. Dermed kan det vere vanskeleg sjølv å ta avgjerder knytte til seksuell og reproduktiv helse. Det finst ofte få alternativ til å bli i ekteskapet dersom dei skulle bli utsette for vald i heimen. Nær ein tredel av gifte kvinner i Malawi har blitt, eller blir, utsett for vald i nære forhold.

Den internasjonale menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch er blant dei som har kritisert utbreiinga av tidlege ekteskap, og Malawi har også blitt kritisert i Menneskerettsrådet (FN) for at valdtekt innan ekteskap ikkje blir omfatta av det gjeldande lovverket i landet. Manglande kunnskap om eigne rettar, og mindre evne til å sjå til at rettar blir oppfylte, representerer enda ei form for felle – ei sårbarheitsfelle. Lågare utdanning fører til auka sårbarheit, som igjen gir færre muligheiter.

Likestilling i lovverket

Malawi har hatt fleirpartisystem sidan midten av 1990-talet. Landet blei sjølvstendig frå Storbritannia i 1964. Det var først på den tida at arbeidet for menneskerettar, kan hende særleg for kvinner og barn, verkeleg begynte. Det er liten tvil om at samfunnet – og lovverket med – er i endring. Malawis noverande Gender Equality Act ble vedteken i 2012, og utdanning for jenter er sterkt vektlagt i den nye utdanningsplanen. Det kan likevel vere forskjell på regelverk og praksis, både på grunn av politisk vilje og tilgjengeleg kapasitet. Behovet og potensialet for endring – og for handling – er fortsatt stort.

Ei av endringane som blir diskutert i desse dagar, er eit forslag om å setje minstealderen for inngåing av ekteskap opp til 18 år. Rundt halvparten av malawiske 18-åringar er allereie gift, og ei av tre jenter som i dag er tidleg i tjueåra, fekk sitt første barn før fylte 18. Tidleg ekteskap og tidleg barnefødsel gjer det vanskelig – nokre gonger umulig – å fullføre formell utdanning.

Kunnskap blir ikkje berre spreidd på skolebenken. Informasjon blir også delt gjennom uformell læring – i familien, blant vennar og gjennom media. I Malawi har kvinner mindre tilgang til informasjon også gjennom media.

Bilde av Erna Solberg på en skole i Malawi

Statsminister Erna Solberg vitjar skole i Malawi

Foto: den norske ambassaden i Malawi

Dobbelt så mange menn som kvinner følgjer med i media, og berre halvparten av malawiske kvinner har lese avis- eller magasinartiklar, høyrt på radio eller sett på TV det siste året. Knapt ei av fire internettbrukarar er kvinner. Kvinner har med andre ord mindre tilgang til informasjon også gjennom mindre formelle kanaler. Dette kan ha store konsekvensar – for eksempel veit færre kvinner enn menn korleis hiv-smitte kan hindrast. Det kan igjen vere med på å forklare at andelen menn (av alle menn) som er smitta av hiv, fell, mens andelen kvinner held om lag same nivå.

Den andre fasen av Malawis utviklingsstrategi, som varer fram til 2016, understrekar kor viktig det er med likestilling mellom kjønna – også for å nå andre utviklingsmål. Meir  likestilling krev kanskje mest av alt at kvinner får kunnskap om rettane dei faktisk har, og at desse rettane blir etterlevde, fremma og beskytta. Både menn og kvinner må kjenne eigarskap til desse rettane for at varig endring skal finne stad.

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva for ein type menneskerett er utdanning? (jf. dei to sentrale menneskerettskonvensjonane)
  2. Kven er det som endeleg vel kva for eit prosjekt OD skal gå for?
  3. Nemn nokre kriterium som norske bistandsorganisasjonar må oppfylle i sine prosjektsøknader for å bli partnar med Operasjon Dagsverk. Er lista grei, eller finn de noko de vil ha med eller trukke frå?
  4. Kva meiner vi med subsistensjordbruk?
  5. Kva er meint med «fattigdomsfelle»? Kva vil det seie at fattigdomsfella er «feminisert»?
  6. Kva er meint med «sårbarheitsfella»?
  7. Gjer greie for korleis kvinner kan bli hardare ramma enn menn av klimaendringar.
  8. Gjer greie for korleis jenter i Malawi kan bli hindra i å fullføre utdanninga si.
  9. Diskuter kva de meiner om denne formuleringa frå Utviklingsfondet: «Vi meiner at også gutane tener på å leve i eit meir likestilt og rettferdig samfunn.»
  10. Du sit i OD-komiteen på skolen din og har fått fem minuttt av ein skoletime til å gå rundt i klassar for å presentere OD 2014 og motivere medelevar til å delta i internasjonal veke og OD 2013. Lag ei liste med snakkepunkt som du kan bruke som grunnlag for dine fem minutt. Framfør presentasjonen (utan powerpoint).
  11. Diskuter påstanden i artikkelen «Utdanning er avgjerande for å oppnå andre utviklingsmål (enn dei som går på utdanning aleine).»
  12. Lag korte rollespel med scenar som kunne vore henta ut av ein typisk kvardag for ei typisk jente  i Malawi f.eks.:
  13. ung jente som vil fullføre grunnutdanninga si, men mot foreldras råd. Dei seier ho må komme seg i arbeid og føde ungar som andre kvinner.
  14. To 16-åringar som begge går på skole, ønsker å gifte seg. Den unge jenta diskuterer med foreldra sine der iallfall ein av dei er kritisk til ei så tidleg ekteskapsinngåing.
  15. kvinneleg jordbrukar og eineforsørgar diskuterer med den unge, skoleflinke dottera på 13 år om ho skal få halde fram på skolen.
  16. Diskuter grunnar for norske elevar til å halde fram med Operasjon Dagsverk.

Lenkeforslag til denne artikkelen

NRK.no med videoar

Relaterte kompetansemål

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Afrika
  • Humanitære spørsmål

Personer

Hanna Grønås Schanke
arbeider med bistandsspørsmål ved den norske ambassaden i Malawi.

Fakta

OD 1964-2014: norske elevar i arbeid for andre

Kvart år inviterer OD norske bistandsorgani-sasjonar til å søke neste års OD-kampanje. Eit råd sender godkjende søknader vidare til OD-styret som dernest veljer ut 2–3 prosjekt som alle elevar deretter kan stemme over. Til slutt kjem 500 skolerepresentantar saman på Elevtinget (del av Elevorganisasjonen) som i neste omgang veljer prosjekt. Eit prosjekt må oppfylle ei rekke kriterium, som at det skal støtte 1) ungdom i Afrika, Asia eller Latin-Amerika, 2) fremme utdanning og 3) inkludere utsette grupper.

OD 2014: arbeid for utdanning av kvinner

Midla som blir samla inn gjennom Operasjon Dagsverk 2014, skal bidra til at jenter i Malawi blir meir sjølvstendige og i større grad kan forme eige liv.
Jenter som får utdanning og eigne inntekter, blir ofte viktige rollemodellar for andre jenter. Det er avgjerande at resten av samfunnet – inkludert foreldre, lærarar og lokale styresmakter – ser positivt på utdanning for jenter. Fleire jenter med utdanning, som tener eigne inntekter og fremmar eigne rettar, ønske og krav, kan igjen verke positivt inn på denne utviklinga.

Operasjon Dagsverk vil med årets prosjekt bidra til arbeidet med å gi malawiske jenter betre tilgang til utdanning. Denne prosessen inkluderer også malawiske styresmakter – og organisasjonar, enkeltpersonar og initiativ både i og utanfor Malawi. Norge samarbeider med fleire land – mellom dei Malawi – om å satse særskilt på utdanning for jenter.

FNs tusenårsmål (fram til 2015)

1. Utrydde fattigdom og svolt
- Halvere andelen fattige som lever på mindre enn éin dollar per dag
- Halvere andelen som lever under hungersnaud
2. Grunnutdanning for alle
- Alle barn skal få fullføre ei grunnskoleutdanning
3. Fremme likestilling
- Oppnå full likestilling på alle nivå innanfor utdanning
4. Redusere småbarnsdødstala
- Redusere barnedødstala med to tredelar for barn under fem år
5. Betre mødrehelsa
- Redusere mødredødstala med tre firedelar
6. Bekjempe hiv/aids, malaria og andre sjukdommar
 - Snu trenden med auke av hiv/aids og andre sjukdommar
7. Sikre ei miljøvenleg og bærekraftig utvikling
- Få bærekraftprinsippet til å bli ein sentral del av landas politikk
- Halvere andelen av jordas befolkning utan tilgang på reint vatn
8. Utvikle ein global partnarskap for utvikling  
 - Vidareutvikle eit ope, rettferdig og regelbasert handels- og finanssystem
 - Gjensidige forpliktingar for godt styresett, auka bistand og redusert fattigdom

Samarbeidspartner for OD 2014: Utviklingsfondet

«Prosjektet «Mitt liv, mine val» skal gje jenter i Etiopia og Malawi auka sjølvstende og makt over eige liv. Det er fleire ulike komponentar som må på plass dersom dette skal lykkast:
Saman vil OD og Utviklingsfondet:

  • arbeide for at jenter får muligheit til å fullføre skolegangen og gjere lokalsamfunn, lærarar og familie meir bevisst på verdien av utdanning for jenter
  • betre tilgangen for jenter til yrkesretta opplæring, ikkje minst til berekraftig landbruk.  
  • gje ungdom opplæring i korleis dei kan arbeide for likestilling og utvikle eiga evne til  å påverke sine liv.

Prosjektet skal nå ut til minst 34 000 ungdommar i Etiopia og Malawi. To tredelar vil vere jenter – dei har det største behovet. Men vi meiner at også gutane tener på å leve i eit meir likestilt og rettferdig samfunn.»
Kjelde: Utviklingsfondet.no