Hopp til innhold
HHD13_01FrontNorgeEnergi

Det norske oljeeventyret representert i ei norsk fjordarm og i Nordsjøen

shutterstock.com/ Leonte og Letting

Norge – ein global energiprodusent

Folk flest i Norge synest knapt å ha merka at norske selskap byggjer seg opp som store globale aktørar. Vi ser det når det gjeld investeringar og energiproduksjon, først og fremst innanfor olje og gass, men også innanfor vasskraft og vindkraft.  Fleire av selskapa er blitt verdsleiande i produksjon, eksport og installasjon av særs høgt utvikla offshore teknologi for olje- og gassutvinning.

Personer

Halle Jørn Hanssen
har arbeidd mye med bistand og utvikling – som journalist i NRK, informasjonssjef i Norad, leiar for Norsk Folkehjelp og som leiar for Forum for utvikling og miljø.
  • Korleis kjem selskapas utanlandsvekst til uttrykk?
  • Kva for utfordringar reiser veksten for det norske samfunnet?
  • Korleis har utanlandsveksten påverka det norske samfunnet?
  • Kan norsk oljepolitikk tene som forbilde for andre oljerike land?

Det store lokomotivet innanfor energiproduksjon er Statoil med om lag 31 000 tilsette, rundt halvparten i Norge og resten i 40 andre land verda over. Også Statkraft er dei siste åra blitt store internasjonalt når det gjeld vasskraft. Begge er statseigde selskap sjølv om det også er private mindretalseigarar i Statoil.

I tillegg deltar ei rekke andre selskap, og vi finn i dag ein ekspanderande norsk industri for energiproduksjon i minst 70 land. Særleg stor er ekspansjonen i land i sør, ikkje minst i afrikanske land.

Den norske oljeverksemda  (se fakta) er sjølvsagt til stor glede for folk i Norge, men skaper også store utfordringar  for det norske samfunnet. Økonomien blir stadig meir open og vendt mot verda, og dermed blir vi også som nasjon mye meir sårbar. For å greie oss i ein knallhard global konkurranse må vi heile tida ligge i forkant med forsking og teknologiutvikling. I tillegg må vi ha ein produktivitet som er mellom dei aller beste i verda.

Frå norsk oljehistorie

For å skjønne korleis dei norske selskapas vekst er blitt mulig, må vi gå nokre tiår tilbake i norsk historie og politikk. Ein grunnleggande føresetnad for den norske veksten var havrettsforhandlingane i FN-regi på 1960- og 1970-talet med den norske juristen og politikaren Jens Evensen (havrettsminister, Ap) som leiande aktør. Som kyststat ga havrettsavtala Norge råderett over ressursane på ein kontinentalsokkel (se fakta) som gjennom internasjonale forhandlingar etter kvart er blitt særs stor.

Dei første teikna på olje i Nordsjøen kom på midten av 1960-talet. Norske selskap hadde ingen teknologiske føresetnader for å begynne desse leiteoperasjonene aleine, og regjeringa måtte leie inn internasjonale storselskap som operatørar. Det første var det amerikanske Phillips på Ekofiskfeltet.

HHD13_01Ekofisk

Ekofiskfeltet i Nordsjøen

Til avtala som blei inngått med Phillips, var det knytt eit politisk krav som fekk avgjørande betydning for den framtidige utviklinga av oljeindustrien i Norge. Phillips og alle andre selskap måtte dele av all sin erfaring og kunnskap om oljeutvinning med norske institusjonar og dermed selskap. Deretter bestemte regjeringa (Bratteli) at norske selskap skulle ha prioritet ved nye utbyggingar på norsk sokkel dersom dei kunne makte dei teknologiske utfordringane ved å utvinne olja på sokkelen. Desse krava var tunge å svelge for dei internasjonale oljeselskapa, men for å kunne tene pengar i Norge, måtte dei seie ja. Dermed fekk norske industriselskap og forskingsinstitusjonar som SINTEF (hovudsete i Trondheim) viktige fordelar som har bidratt sterkt til å gjøre dei til verdsleiande i bransjen.

Undervegs beslutta norske styresmakter å opprette det statlege oljeselskapet Statoil (1972).  Regjeringa såg det som nødvendig at den norske staten hadde sitt eige selskap for utvinning av olje og gass i Norge. I ettertid er det allment akseptert at Statoil har betydd særs mye for Norge når det gjeld måten vi har evna både å utvikle oljeteknologi og bruke oljeinntektene på.

Til tross for enkelte ulykker, uhell og kraftige budsjettoverskridingar har oljeutvinninga på norsk sokkel blitt ei suksesshistorie. Dei store miljøutfordringane (men ikkje CO2-utsleppa) er blitt meistra i Nordsjøen. Om vi maktar dette på same måte når olje- og gassproduksjon begynner i Barentshavet, gjenstår å sjå.

Den norske staten har vedtatt strenge avgifter og skattar for selskapa på norsk sokkel. (i tillegg er staten sjølv ein stor eigar) Dermed er oljeinntektene for folk i Norge blitt til lykke og ikkje til forbanning slik ressursrikdom er blitt det i ei rekke utviklingsland.

Særs viktig i forvaltinga av oljeressursane var etableringa av oljefondet midt på 1990-talet, nå kalla Statens Pensjonsfond Utland, og dei strenge avgrensingane (handlingsregelen) for bruk av oljeinntektene som Stoltenberg1-regjeringa innførte i 2001. Handlingsregelen seier at regjeringa ikkje kan ta ut meir enn maksimalt 4 prosent av det årlege utbytet i oljefondet for bruk i statsbudsjettet.
  

Ut i verda med Statoil som lokomotiv

Politiske vedtak
 har altså lagt solide rammer for oljeverksemda og bruken av oljeinntektene i Norge. Desse var ein særs viktig føreesetnad for at den norske staten kunne kvitte seg med all utanlandsgjeld på 1990-talet. Oljeverksemda og oljeinntektene har meir enn noko anna bidratt til at Norge som samfunn er blitt sterkt endra dei siste 20 åra. Samtidig er det langt på veg eit anna Norge som i dag opptrer internasjonalt enn det Norge som gjorde seg gjeldande på 1960- og 1970-talet. I utviklingslanda var det den gongen norske diplomatar og  Bistand - utviklingshjelp som i første rekke gjorde seg gjeldande; i dag er bistandsarbeidarane nærast borte.

I staden er det finansmeklarar og investorar på jakt etter nye objekt dei kan plassere pengane sine i som ein oftast møter i utviklingslanda – som i dei rike industrilanda i nord. Norge med oljefondet og norske selskap er etter kvart blitt ein stor kapitaleksportør og investor i land over heile verda med samla investeringar på ca. 4500 milliardar kroner (2011). Og oljefondet er verdas største statlege investeringsfond. Statoil er samtidig det største norske industrilokomotivet i utlandet.

HHD13_01Statoilland

Land der Statoil har verksemd

I dag har  Transnasjonalt selskap (sjå kart); i 12 av desse landa driv selskapet med utvinning av olje og gass:  Angola, Algerie, Libya, Nigeria, Brasil, Venezuela, USA, Canada, Aserbajdsjan, Iran, Russland, Politiske vedtak har altså lagt solide rammer for oljeverksemda og bruken av oljeinntektene i Norge. Desse var ein særs viktig føreesetnad for at den norske staten kunne kvitte seg med all utanlandsgjeld på 1990-talet.

Oljeverksemda og oljeinntektene har meir enn noko anna bidratt til at Norge som samfunn er blitt sterkt endra dei siste 20 åra. Samtidig er det langt på veg eit anna Norge som i dag opptrer internasjonalt enn det Norge som gjorde seg gjeldande på 1960- og 1970-talet. I utviklingslanda var det den gongen norske diplomatar og bistandsarbeidarar som i første rekke gjorde seg gjeldande; i dag er bistandsarbeidarane nærast borte.

I staden er det finansmeklarar og investorar på jakt etter nye objekt dei kan plassere pengane sine i som ein oftast møter i utviklingslanda – som i dei rike industrilanda i nord. Norge med oljefondet og norske selskap er etter kvart blitt ein stor kapitaleksportør og investor i land over heile verda med samla investeringar på ca. 4500 milliardar kroner (2011). Og oljefondet er verdas største statlege investeringsfond. Statoil er samtidig det største norske industrilokomotivet i utlandet.

 I dag har Statoil til stades i 41 land (sjå kart); i 12 av desse landa driv selskapet med utvinning av olje og gass:  Angola, Algerie, Libya, Nigeria, Brasil, Venezuela, USA, Canada, Aserbajdsjan, Iran, Russland, Storbritannia og Norge. Størst er Statoil i Norge. Her utvann selskapet rundt 70 prosent av all den olje og gass selskapet produserte i 2011. Den totale inntekta for selskapet var same år på 670 milliardar kroner − med ei forteneste på 212 milliardar kroner etter at skattar og avgifter var betalt; på norsk sektor var investeringane på 45 milliardar.

I Canada og USA produserer Statoil også olje frå oljeskifer og oljesand − ein særs omstridd verksemd på grunn av den store miljøforureininga som følger med. Og dèt er ei av fleire utfordringar som den auka norske oljeverksemda utanlands reiser for det «grøne miljølandet» Norge (meir seinare).

I alle land der Statoil har produksjon, har selskapet partnarskapsavtaler enten med statlege oljeselskap (som i Angola og Brasil) eller med andre internasjonale oljeselskap.  Desse avtalene må vere i samsvar med lovene i dei enkelte landa Statoil opererer i, og dei må avstemmast mot interessene til nasjonale og internasjonale partnarar. Alt dette skaper sjølvsagt bindingar knytt til teknologi, finansiering og politikk.

Angola − Norges viktigaste land i Afrika

Statoils viktigaste land i Afrika er Angola, eit stort og ressursrikt land i det sørlege Afrika. Statoil starta verksemd der tidleg på 1990-talet og har deretter investert til saman om lag 80 milliardar kroner i Angola. I 2011 sto Statoil for 10 prosent av oljeproduksjonen i landet. Same år fekk selskapet nye konsesjonar (tillating frå det offentlege til å leite etter og utvinne olje) med operatøransvar. Dermed vil Angola bety endå meir for Statoil − og Norge − i dei næraste åra.

Etter avtale delte Statoil i 2011 ein stor del av oljeproduksjonen med det statlege angolanske selskapet Sonangol . Verdien av Sonangols del var på knappe 25 milliardar kroner. Samtidig betalte Statoil skatt til Angola på knappe 4 milliardar kroner og investerte for om lag 13 milliardar kroner i landet. Statoil la dermed igjen over 40 milliardar kroner i landet i 2011. Same år førte selskapet knappe 14 milliarder kroner heim til Norge som forteneste.

I tillegg er mange andre norske selskap knytt til Statoils verksemd og oljeindustrien meir generelt i Angola. Det gjeld selskap som Aker Solutions som leverer offshore høgteknologi til Angola for fleire milliardar kroner kvart einaste år. Andre norske serviceselskap opererer heile tida i landet med kontraktar frå rundt hundre millionar kroner til fleire milliardar.

Vidare satsar Universitetet i Trondheim tungt i oppbygging av akademiske institusjonar som skal utdanne Angolas eigne oljeingeniørar; andre norske opplæringsinstitusjonar overfører teknologisk kompetanse på eit lågare nivå. Havforskingsinstituttet i Bergen har viktige samarbeidsavtaler med den angolanske staten. Avtalene omfattar både miljøovervaking knytt til oljeutvinninga ute på havet og til kartlegging av dei store fiskeressursane utanfor Angola.

Også norske frivillige organisasjonar som Norsk Folkehjelp (NF) og Kirkens Nødhjelp (KN) har ein betydeleg programverksemd i landet. Begge organisasjonane arbeider med demokratibygging av ulike slag. KN har kirkeorganisasjonar som nokre av sine viktigaste partnarar, mens Folkehjelpa satsar sterkt på å støtte kvinneorganisasjonar, medieinstitusjonar m.m (jf. ytringsfridom).

Angola − smertefull nærhistorie

Angola har ei lang og smertefull historie. Landet var koloni under Portugal i om lag 400 år. I 1963 starta ein langvarig kamp for frigjøring. Etter at Angola blei sjølvstendig stat i 1975, gikk kampen over i ein omfattande og øydeleggande  Borgerkrig mellom den marxistisk orienterte MPLA-regjeringa i Luanda og opprørsorganisasjonen UNITA, leia av Jonas Savimbi. Sovjetunionen og Cuba støtta MPLA; Sør- Afrika, USA, Frankrike og andre støtta UNITA.

Borgarkrigen opphørte først i 2002. Sidan har MPLA-regjeringa stått for ei slags formelt demokratisk utvikling, og det er gjennomført val som MPLA har vunne med stort fleirtal. Men MPLA-regimet som ein gong var revolusjonært, er i dag eit eliteregime som i det meste har underkasta seg marknaden og kapitalismens lover, mens menneskerettane står lågt i kurs.  Eliten er søkkrik, og korrupsjonen florerer. Det store folkefleirtalet lever i stor fattigdom.

Denne ekstreme ulikskapen vil  truleg skape sosial og politisk uro. Framtida kan derfor bli utfordrande både for MPLA-regimet og for ein av dei største investorane i landet, Norge.

Statoil opererer altså i fleire afrikanske land. Etter Angola er Nigeria viktigast, deretter Algerie. Men Statoil har avtale også med Ghana og Libya, avtaler som kan gjøre selskapet stort i begge landa. Og det har i 2012 funne store mengder gass i Tanzania og Mosambik, mens det fortsatt leiter på kontinentalsokkelen (se fakta) til Egypt. Vi kan derfor gå ut frå at ikkje bare Angola, men stadig fleire afrikanske land i åra som kjem vil bli viktige partnarland for Statoil.

Andre viktige land for Statoil

USA er den viktigaste partnaren for Statoil på det amerikanske kontinentet. I 2011 tente Statoil om lag 83 milliardar kroner i USA og investerte samtidig 59 milliardar kroner i ny verksemd.  Deretter følger Canada både med store inntekter på produksjon av olje frå oljesand og store investeringar.

HHD13_01Norsk_oljeproduksjon

Produksjonsutvikling for norsk sokkel

På tredje plass finn vi Brasil. Dette landet vil i åra som kjem, få auka verdi for Statoil og dermed Norge.  Statoil har nemleg fått viktige lisensar for utvinning av olje på kontinentalsokkel til Brasil samtidig som landet kjøper offshore høgteknologi frå Norge for milliardar av kroner.

I Asia er Aserbajdsjan eit viktig land for Statoil med investeringar på over 13 milliardar kroner og inntekter på om lag 8 milliardar i 2011. Landet blir styrt av ein  Oligark - oligarki med liten respekt for menneskerettar og demokrati. Iran og Irak er potensielt viktige land, men her kjører Statoil på sparebluss når det gjeld investeringar, truleg av politiske grunnar. Statoil har også betydeleg aktivitet i ei rekke europeiske land, i hovudsak knytt til sal av oljeprodukt.

Menneskerettar, demokrati og fordeling

Statoil (og andre norske selskap) investerer mye i land med regime med liten respekt for menneskerettar og demokrati (som Angola, Egypt, Libya, Aserbajdsjan, Irak, Iran). Dei same regima har heller ingen reell politikk for omfordeling av inntekter og gode. Eliten lever i stor rikdom, mens fleirtalet av folket lever i største fattigdom. Dette står i sterk kontrast til dei verdiar og prinsipp vi i Norge hyllar for politikk og samfunnsutvikling.

Kor riktig er det da at norske selskap investerer i slike land der folkefleirtalet knapt får nyte godt av ressursrikdommen der? Korleis skal norske selskap forholde seg til styresmakter med slett rulleblad når det gjeld menneskerettar? Gitt den auka utanlandssatsinga, er det derfor truleg at både den norske stat, Statoil og andre norske selskap i åra som kjem, vil møte stigande politiske og moralske utfordringar i desse landa.

Norge er også eit land som i mangt og mye forstår seg sjølv som ein miljøforkjempar og som av mange også blir sett som «det grøne oljelandet».  Korleis harmonerer det at Norge er ein stor produsent av olje og gass med at vi ønsker å framstå som ein pådrivar i kampen mot global oppvarming? Nokre omtaler dette som eit energiparadoks i norsk utanrikspolitikk.  I ei tid der forvalting av landets omdømme i andre land er viktig for norsk utanrikspolitikk, bør det ikkje føreligge for mange slike paradoks før omdømmet tar skade.

Overføring av kunnskap og lovgiving

Norske regjeringar har lenge vore opptatt av å dele med andre land eigne erfaringar med omsyn til lovgiving knytt til utvinning av olje, gass og andre naturressursar. Samtidig har den norske modellen for forvaltinga av petroleumsressursane vore til dels særs etterspurt av mange land. Denne interessa skaut fart etter at regjeringa gjorde bistandsprogrammet «olje for utvikling» til ei hovudsak i norsk bistandspolitikk.

Kina har for lenge sidan fått del i dei norske petroleumserfaringane. Angola har i forma kopiert svært mye av norsk lovgiving og organisering, men ikkje når det gjeld openheit. Brasil er særs opptatt av den norske modellen. Det same gjeld for Ghana. Sør-Sudan er det siste landet som har vedtatt en oljelov som i det aller meste er bygt på norske prinsipp og erfaringar. Tanzania er det neste landet der mange forventar at mye av den norske erfaringa blir nedfelt i lover og organisering.

HHD13_01Omsetning

Den norske leverandørindustriens samla omsetning

Statkraft og SN Power

Statkraft er eit selskap med ei historie tilbake til 1895 (forløparar til Statkraft som blei etablert i 1992). Regjeringa på den tida ønskte å sikre staten og offentleg eigarskap til dei viktigaste naturresursane. Den gongen var det fossefalla og vasskrafta. I vår tid har Statkraft blitt ein dominerande aktør nasjonalt innanfor vasskraft, og Statkraft har dei siste åra også kjøpt seg opp i fleire europeiske land. Selskapet er i dag Europa største energiprodusent innan fornybar energi, først og fremst vasskraft, men også vindkraft. Samtidig eksperimenterer selskapet med produksjon frå nye fornybare energikjelder som saltkraft, fjernvarme og solkraft. I dei seinare åra har Statkraft investert for fleire milliardar kroner i store dam- og vasskraftprosjekt i Tyrkia. Statkraft hadde i 2011 ei omsetning på knappe 29 milliardar kroner, og selskapet har i alt ca. 3500 tilsette.

SN Power er Statkrafts arm (Statkraft eig 60 prosent og Norfund 40 prosent av aksjekapitalen, Statens investeringsfond for utviklingsland) for investering i og utvikling av fornybare energikjelder i utviklingsland. Selskapet har enten under planlegging eller har allereie sett i gang slike prosjekt i bl.a. Filippinane, Nepal, India, Sri Lanka, Brasil, Chile og Peru. No ser selskapet også fram mot å investere i afrikanske land.

Eit eventyr frå verkelegheita

Utviklinga av norsk energipolitikk på 1970-talet og utvinninga av olje på norsk sokkel førte til ei parallell industriutvikling som er både imponerande og fascinerande. Norsk offshore høgteknologi til bruk i oljeproduksjonen på kontinentalsokkelen eksporterast nå til stadig fleire land over heile verda. Norsk industri er på dette området blitt verdsleiande.  I 2011 sto den for 80 prosent av alle leveransar globalt til boreanlegg på sokkel og 50 prosent av alle leveransar til seismikk og undervassutstyr. I 2012 var det venta ein eksportverdi på denne teknologien på ca. 180 milliardar kroner. I 2013 vil eksporten venteleg passere 200 milliardar kroner.

30 prosent av det norske nasjonalproduktet er nå knytt til oljeverksemd og offshore høgteknologiindustri. Vidare har om lag 300 000 norske arbeidstakarar direkte eller  indirekte arbeidsplassane sine knytt til denne verksemda og industrien. Alt dette har skjedd innanfor  ca. 40 år, og det har endra det norske samfunnet og vårt forhold til omverda grunnleggande. Vi har fått høgteknologiutvikling  og -produksjon i delar av landet. I tillegg har vi fått ei innvandring av fleire tusen fagfolk til dels på høgt akademisk nivå i denne industrien.

Midt i alt dette er vi blitt verdas rikaste folk med ein velferdsstat og ein personleg velstand som knapt nokon for bare noen få tiår sidan trudde kunne vere mulig. Det er på mange måtar ei eventyrfortelling frå verkelegheita.

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Afrika
  • Klima
  • Energi
  • Menneskerettigheter

Personer

Halle Jørn Hanssen
har arbeidd mye med bistand og utvikling – som journalist i NRK, informasjonssjef i Norad, leiar for Norsk Folkehjelp og som leiar for Forum for utvikling og miljø.

Fakta

Den norske oljeverksemda

  • Norge er verdas sjuande største eksportør av olje og den tredje største av gass (2011)
  • Petroleumssektoren sto i 2010 for 21 prosent av verdi-skapinga i Norge, 47 prosent av samla eksport og 26 prosent av statens inntekter
  • Gjennom meir enn 40 år har produksjonen på norsk sokkel bidratt med nær 9000 mrd. kroner til verdiskapinga (BNP) i Norge          

 Kjelde: npd.no

Havrett på et blunk

Havrettskonvensjonen behandler så godt som all utnyttelse av havet, med unntak av militære forhold. Den tar hensyn til at forskjellige måter å utnytte havet er nært knyttet sammen og må ses som et hele.  Konvensjonen har regler som samlet omfatter alle havområder, luftrommet over disse, havbunnen og dens undergrunn. Den regulerer statenes rettigheter og plikter i disse områdene, dvs. statenes myndighetsutøvelse på havet.

Grunnlinje: Utgangspunktet for beregningen av de fleste maritime grensene er grunnlinjene. Grunnlinjen – bl.a. ved Fastlands-Norge – er definert som rette linjer trukket opp mellom punkter på de ytterste nes og skjær som stikker opp over havet ved lavvann (fjære sjø). Med rett linje forstås den korteste linje mellom to punkt. Det er definert i alt 103 grunnlinjepunkter langs Norges kystlinje. Grunnlinjen definerer den linjen som et lands sjøterritorium skal defineres fra. Innenfor grunnlinjen finner vi et lands indre sjøterritorium, dets indre farvann. Den ytre grensen for sjøterritoriet angir yttergrensen for Norges territorium, og betegnes som territorialgrensen. Innenfor denne grensen har Norge suverenitet. Territorialgrensen strekker seg 12 nautiske mil ut fra grunnlinjen.

Kontinentalsokkelen er den undersjøiske forlengelsen av landmassen ut til de store havdyp. Kontinentalsokkelen er underlagt kyststatens nasjonale myndighet. De store havdyp er derimot internasjonalt område.

Etter Havrettskonvensjonen har alle kyststater automatisk kontinentalsokkel ut til 200 nautiske mil fra grunnlinjen. Dette er en økonomisk sone der kyststaten har enerett på å utnytte og forvalte naturressursene der. Det er ikke det samme som suverenitet; andre land kan f.eks. seile der. Så langt ute faller ofte yttergrensen for kontinentalsokkelen sammen med yttergrensen for den økonomisk sonen. Men noen stater (blant dem Norge) kan ha kontinentalsokkel som strekker seg lenger ut og da etter kriterier fastsatt i konvensjonen.

Kilder: regjeringen.no og statkart.no