Hopp til innhold
NUPI skole

PODKAST: Kva skjer med Europa etter Brexit?

Høyr EU-ekspert Caroline de Gruyter i NUPI podcast.
Bildet viser en mann kledd ut som det britiske flagget mens han vifter med EU-flagget

POSITIVE: Sjølv om avisoverskrifter og politikarar roper om euroskepsis, ser europaeekspert Caroline de Gruyter også mange teikn på at EU-borgarane går i motsett retning, fortel ho i denne podcasten.

Foto: NTB Scanpix

POSITIVE: Sjølv om avisoverskrifter og politikarar roper om euroskepsis, ser europaeekspert Caroline de Gruyter også mange teikn på at EU-borgarane går i motsett retning, fortel ho i denne podcasten.

Foto: NTB Scanpix

- Når Storbritannia forlèt EU i mars 2019, vil spelet i Brussel endre seg omfattande, og vi veit enno ikkje kva konsekvensar det vil få for ulike EU-land. Vil det for eksempel føre til at landa står meir saman, at EU blir meir fragmentert, eller noko midt imellom? sa NUPI-forskar Pernille Rieker då ho introduserte de Gruyter på seminaret Europa etter Brexit 19. april.

Høyr NUPI-podkast med de Gruyter på Soundcloud:

Brexit endrar EU

De Gruyter har lang erfaring som europakorrespondent, skriv jamleg for stiftinga Carnegie, og har skrive fleire bøker, blant anna om europeisk identitet og EU.

- Europa etter Brexit kjem til å vere ein helt anna vesen, sa Caroline de Gruyter i foredraget sitt.

Ifølgje henne vil vi sjå eit meir samankopla EU, og nye alliansar vil oppstå i Europa. Mange av regjeringane i EU blir nemleg skuva ut av komfortsona si, og må tenkje meir kreativt rundt kva grupper dei inngår i og korleis dei forhandlar.

- Eg trur at Brexit på ein måte er ein god ting for EU, fordi EU var fastlåst før dette. Brexit kjem til å endre politikken radikalt, sa ho.

Blir meir positive til EU

Sjølv om avisoverskrifter og politikarar roper om euroskepsis, ser dei Gruyter også mange teikn på at EU-borgarane går i motsett retning.

- Over heile Europa ser vi ein ung generasjon som organiserer politiske parti, plattformer, diskusjonsgrupper og nettmagasin, og folk som før sat heime i stovene sine og såg på nyheitene er ute i gatene og viftar med europeiske flagg. Dei vil ikkje kanskje endre Europa sin lagnad, men det faktum at er ute i gatene kan kome til endre noko likevel, sa ho, og la til:

- Eurobarometeret går opp. Folk er kanskje ikkje fornøgde med EU, men dei er i det minste fornøgde i EU.

PS! NUPI arrangerer ei rekke seminar om Europa årleg i serien Norge møter Europa. Les meir om NUPI si europaforskning på sidene til NUPI europaforum, og på våre temasider om EU og Europa.

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU