Arrangement
Neumann, NUPI og utanriksdebatten
Som NUPI-forskar gjennom tre tiår har han vore ei viktig stemme i det offentlege ordskiftet om norsk utanrikspolitisk historie, identitet og diplomatiske praksisar og, kanskje framfor alt, utviklinga i Noregs relasjonar til Sovjetunionen/Russland og det europeiske integrasjonsprosjektet.
På dette arrangementet ser vi nærare på Neumanns forsking på norsk utanrikspolitikk, og bruker dette som ein inngang til å diskutere breiare spørsmål: Korleis har debatten om norsk utanrikspolitikk endra seg i tiåra etter den kalde krigen? Kva er verdien av forskarars deltaking i ordskiftet om norsk utanrikspolitikk?
Vi serverer kaffi og lett frukost frå 8:30
I panelet:
Espen Barth Eide, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og tidlegare utanriksminister
Nina Græger, seniorforskar ved NUPI
Pål Kolstø, professor i russlandsstudiar, Universitetet i Oslo
Torbjørn Knutsen, professor, NTNU
Ordstyrar er Kate Hansen Bundt, generalsekretær i Atlanterhavskomiteen og NUPIs styreleiar.
Iver B. Neumann vil også vere til stades, og vil runde av symposiet rundt klokka 10.45.
Vel møtt!
Arrangmenetet blir direkte strøymd på NUPIs YouTube-kanal: