Arrangement
Eit meir samankoppelet Asia – nye moglegheiter i Europa?
Mange asiatiske økonomiar er tett samanfletta og Europa er ein stor marknad for produkta deira. Internasjonal handel og verdikjeder fremjar stabilitet i ein region som også har mange konfliktar og territoriale tvistar. Mange land i regionen investerer no tungt i fysisk og digital infrastruktur, og Kina mobiliserer stadig fleire partnarar og ressursar bak sitt «Belte og veg-initiativ» (Belt and Road Initiative – BRI).
Kva har dette å seie for betre koplingar («Connectivity») og overordna relasjonar mellom ASEM-landa? Og kan meir samankopling gå hand i hand med grøn og berekraftig utvikling?
5. mars arrangerer NUPI saman med Utanriksdepartementet ein halvdagskonferanse i samband med markering av ASEM-dagen. Arrangementet skal sjå på nokre av spørsmåla over. I panelet sit:
Yun Sun er Senior Associate på Øst-Asiaprogrammet til Stimson Center i Washington. Ekspertisen hennar er på kinesisk utanrikspolitikk, USA-Kina-relasjonar og det kinesiske forholdet til nabolanda, og autoritære regime.
Theresa Fallon er analytikar, skribent og kommentator på global energi og geopolitikk. Ho etablerte i 2016 CREAS – Centre for Russia, Europe, Asia Studies. Forskingsfokuset hennar er på forholdet mellom Europa og Asia, forholdet mellom Kina og Russland, maritim tryggleik og global styring.
Arne Melchior er seniorforskar på NUPI og forskar på internasjonal handel og global utvikling, handelspolitikk og internasjonale økonomiske institusjonar, internasjonal forskjell, geografisk økonomi og regional utvikling. Han har særleg arbeidd med Asia, India og Kina.
Hans Jørgen Gåsemyr er tilknytta NUPI som seniorforskar. Hans forsking og undervisning er spesialisert på kinesisk politikk, inkludert stat-samfunn relasjonar, sosiale og økonomiske reformer og kinesiske aktørar og interesser i internasjonal politikk
Det vil bli ei opning av arrangementet ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup, statssekretær Marianne Hagen og stortingsrepresentant Elin Rodum Agdestein.
Vi serverer frukost frå klokka 08.30, programmet startar klokka 09.00 og varer til ca. 12.00.
PROGRAM:
08.30 | Servering av frukost |
09.00 | Opning av arrangementet ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup, statssekretær i UD Marianne Hagen og leiar for Stortingets delegasjon til det parlamentariske partnarskapet Asia-Europa (ASEP), stortingsrepresentant Elin Rodum Agdestein. |
09.30 | CONNCETIVITY – WHERE WE ARE NOW? |
| Theresa Fallon – Connectivity in the ASEM region |
| Yun Sun – China and the Belt and Road Initiative |
| Arne Melchior – Model for international trade |
10.30 | Kaffipause |
10.45 | Diskusjon med Q&A: CONNECTIVITY – WHERE WE ARE HEADING? |
| Theresa Fallon og Yun Sun i samtale med Hans Jørgen Gåsemyr |
12.00 | SLUTT |
Arrangementet blir live strøymt på NUPIs YouTube-kanal: