Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Er Russland på kollisjonskurs med Vesten?

Vladimir Putin har fleire gonger komme med utsegner der Vesten blir framstilt som den store skurken. Kva har det å seie for forholdet mellom aust og vest?
08 mai 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Engelsk

Etter sikkhetskonferansen i München i 2007 har Vladimir Putin identifisert Vesten som folkefiende nr. 1. Sidan då har han brukt ei rekkje instrument frå cyberangrep til informasjonskrigføring til å undergrave den vestlege demokratiske ordenen.

Mindre kjent er referansen hans frå Valdai-konferansen i 2013 om Russland som ein sivilisasjonsstat med privilegerte sivile interesser i land med store russiske busetjingar. Vesten blir sett på som ein evig fiende av Russlands kulturelle identitet. Dermed kan det sjå ut som at Russland er på kollisjonskurs med den vestlege verda.

Christopher Coker er professor i internasjonale relasjonar ved London School of Economics. Han har skrive 23 bøker, inkludert hans siste, The Rise of Civilizational State, som blir publisert i 2019. Coker foreles også på fleire av dei leiande forsvarsinstitusjonane i verda, inkludert Royal College of Defense Studies i London, NATO Defence College i Roma og National Institute of Defence Studies i Tokyo.

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Patrick Cullen.

Arrangmentet blir direkte strøymd på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Christopher Coker
Professor, London School of Economics

Ordstyrer

Patrick J. Cullen
Tidligere ansatt
08 mai 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Engelsk