Arrangement
Skatt og kapitalflukt: Vil Noreg leve opp til ambisjonane?
Spørsmål om skatt og internasjonal skattepolitikk er høgt oppe på den internasjonale utviklingsdagsordenen. Noreg har i fleire år vore leiande innanfor dette arbeidet, både i OECD og FN, og i skattesamarbeidet med utviklingsland. Dette er svært viktig ettersom skatteinntekter er sjølve nøkkelen til berekraftig økonomisk utvikling.
Trass i auka fokus på dette området så viser forsking framleis at summen av den ulovlege kapitalflukta som går ut av utviklingsland er større enn summen av pengar som kjem inn til desse statane. Dei siste åra, og spesielt etter Panama Papers, har internasjonalt skattesvik komme høgt opp på mange lands dagsorden. Dette har vore avgjerande for utviklinga i det internasjonale skattesamarbeidet. Kva rolle skal Noreg ta i den nye utviklingspolitikken er no i støypeskeia.
I samband med Arendalsuka ønskjer derfor Skattjakt-nettverket å invitere norske politikarar til ein diskusjon om vegval i politikken om skatt og utvikling i forkant av kommande Stortingsperiode: Noko som leiarskap og prioriteringar skal Noreg ta i det internasjonale skattearbeidet? Har Noreg framleis ambisjonar om ei leiarrolle på dette området? Korleis kan norske reglar på skatt og openheit påverke utviklingsland? Og korleis kan Noreg bidra til at utviklingsland får meir innverknad over dei internasjonale skatte reglane og regima?
Panel:
• Truls Wickholm, Arbeidarpartiet
• Snorre Valen, SV
• Heidi Nordby Lunde, Høgre
• Odd-Helge Fjeldstad, Seniorforskar, Christian Michelsen Institutt
• Sigrid Klæboe Jacobsen, Daglig leier, Tax Justice Network Noreg
• Olav Lundstøl, Norad
• Morten Bøås, Seniorforskar, NUPI
Program
15:00 Velkommen v/ Morten Bøås
15.05 Innlegg frå fagpanelet, CMI, Norad og Tax Justice Network.
15.20 Innlegg frå politikarpanelet
15.35 Spørsmål frå fagpanel -> politikardebatt
16.10 Spørsmål frå salen
16:30 Slutt