Arrangement
Kina og Norden - Globale utfordringar i nordiske og kinesiske perspektiv
Proteksjonisme, klimaendringar, terrorisme, fattigdom og konfliktar – internasjonale forhold er prega av mykje global bekymring og uvisse, og det krev at ein ser på moglegheiter for nye løysingar. Drar Kina og dei nordiske statane i same retning? Når representerer dei felles eller splitta interesser?
NUPI er vertskap for det sjuande Sino-nordiske rundebordet for tankesmier, som bringar saman ekspertar frå dei leiande forskingsinstitusjonane i desse landa. Vi inviterer i det høvet til ein spennande paneldiskusjon med nokre av dei som skal fokusere på frihandel, global styring og fred og konfliktar. Dei vil også snakke om utsiktene for Kina-Norden relasjonar.
Frukost blir servert frå kl. 08.30. Sjølve arrangementet startar 09.00 og varer til klokka 11.00. Ordstyrarar er NUPI-forskarane Wrenn Yennie Lindgren og Hans Jørgen Gåsemyr. Arrangementet er gratis men krev påmelding.
PROGRAM:
08.30: Servering av enkel frukost
09.00: Velkommen og opningshelsing frå Nordisk ministerråd
09.15: Paneldiskusjon: internasjonal økonomi og handel
10.00: Kort pause
10.15: Paneldiskusjon: global styring og fred og konfliktar
11.00: Slutt
Arrangementet blir strøymt på YouTube-kanalen vår. Sjå det her: