Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs framtid sett med greske auge

Med ei endra verd vil vi også få eit endra EU. Som eit av medlemslanda i unionen, har Hellas hatt eit anstrengt forhold til Brussel lenge. Korleis ser Hellas på EUs framtid?
13 juni 2017
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk

EU er i forandring. Utfordringar som Brexit, migrasjon, arbeidsløyse og islamsk fundamentalisme er nokre av dei store bekymringane EU står overfor. Hellas har sidan finanskrisa i 2008 til tider hatt eit anstrengt forhold til Brussel, og det har vore seriøse forslag om eit «Grexit». Med dette som bakteppe, sett i lys av vala i Frankrike og Storbritannia, og det kommande valet i Tyskland, vil dette seminaret gi deg eit høve til å lære meir som korleis Hellas oppfattar EUs framtid.

For å diskutere dette kjem George Katrougkalos til NUPI. Han er "Alternate Foreign minister for European Affairs" i Hellas. Han har tidlegare vore Minister of Labour and Social Solidarity og Alternate Minister of Interior and Administrative Reconstruction i Tsipras's første kabinett.

Frå 2014 til januar 2015 var Katrougkalos medlem av Europaparlamentet. Han har bakgrunn som professor i offentleg rett ved Democritus University of Thrace.

Arrangementet er ein del av “Noreg møter Europa”-prosjektet og ordstyrar er seniorforskar på NUPI Pernille Rieker.

Taler

George Katrougkalos
Alternate Minister for Foreign Affairs responsible for European Affairs and International Economic Relations, Greece

Relaterte prosjekter

Seminarserie
2015 - 2022 (Avsluttet)

Norge møter Europa

Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
13 juni 2017
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk