Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Utviklinga i forholdet mellom Kina og Russland

Dette seminaret drøftar korleis Russland og Kina kan møtast på halvvegen og samordne sine interesser utan å ha ein allianse.
09 oktober 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk

Når Vesten vurderer forholdet Kina–Russland resulterer det hovudsakleg i to konklusjonar: opphissinga over ein Beijing-Moskva allianse som tar sikte på å snu opp ned på den eksisterande internasjonale ordenen eller ei sorglaus avvising av ei "mellombels" løysing. Ingen av desse vurderingane gir eit sant bilete. Forholdet kan best forståast som eit motsetningsforhold mellom nasjonale interesser sjølv om kraftige påverknader tvingar dei saman. Sett i forhold til Russlands strategiske "hengjemyr" etter Ukraina-krisa og Kinas "Belt and Road-initiative", drøftar dette seminaret korleis dei to landa kan møtast på halvvegen og samordne sine interesser utan å ha ein allianse.

Yun Sun er seniormedarbeidar ved East Asia Program, the Henry L. Stimson Center og er også knytt til The Brookings Institution. Ho er ekspert på kinesisk utanrikspolitikk, forholdet USA–China og det kinesiske forholdet til nabolanda og autoritære regime. Frå 2011 til tidleg 2014, var ho gjestestipendiat ved Brookings Institution. Ho har vore Kina-analytikar for International Crisis Group i Beijing, som spesialiserer seg på Kinas utanrikspolitikk overfor konfliktland og utviklingsland. Før ICG, jobba ho i Washington DC i fem år med spørsmål knytt til forholdet USA-Kina. Yun har ei mastergrad i internasjonal politikk og praksis frå George Washington University, ein MA i Asia Pacific-studiar og ein BA i internasjonal politikk frå Utanriksdepartementets College i Beijing.

  Program 13:30–15:00

•    Presentasjon, Yun Sun, Stimson Center, Brookings.
•    Ordstyrar: Dr Marc Lanteigne (NUPI).

Du kan følgje seminaret direkte på YouTube

Hovedtalere

Yun Sun
Seniorforsker, East Asia Program, Henry L. Stimson Center

Ordstyrer

Marc Lanteigne
Tidligere ansatt
09 oktober 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk