Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

NATO ser nordover - Prioriteringar etter Warszava-møtet

Kva slags kommando og kontroll trengst for å støtte NATOs maritime strategi og situasjonsforståing? Korleis kan Noreg og NATO styrkje avskrekkinga til alliansen og forsvar i regionen? Kva kan gjerast for å redusere risiko og hinder militære episodar med Russland? Kva strategi treng NATO i Nord-Atlanteren for neste møte i 2018?
17 november 2016
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Oslo Militære Samfund
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Engelsk

I dag står NATO overfor ei rekkje tryggingstruslar samtidig, både i og utanfor Europa, frå aust, sør og nord. Dei store utfordringane på dei austlege og sørlege flankane til alliansen, som lenge har vore med i NATOs berekningar, men sjeldan som hovudprioritet, er no revitaliserte.

NUPI, Den norske atlanterhavskomité, det amerikanske Marshall-fondet og USAs delegasjon til NATO har gleda av å invitere til dette arrangementet.

Vitale globale kommunikasjonssamband og forsyningruter mellom Europa og Nord-Amerika går langs Nord-Atlanteren, og når arktisk is trekkjer seg tilbake, vil militær og sivil aktivitet i området auke. Mot dette bakteppet forbetrar Russland stadig kapasiteten sin til å operere i Nord-Atlanteren - og til å projisere militærmakt i Atlanterhavet og på Europas kyststrøk.

NATOs nærvær i Nord-Atlanteren har gradvis blitt mindre dei siste tiåra. Russlands handlingar og militære retning den siste tida er bekymringsverdig, blant anna fordi dette kan forskyve den strategiske balansen i Russlands favør. Dette kan også utfordre forholdet mellom Russland og NATO, og har direkte samband til utfordringane i Austersjøen, Svartehavet og middelhavsregionen.

Kva bør Noregs og NATOs prioriteringar etter Warszava-møtet i 2016 bestå i? Kva slags kommando og kontroll trengst for å støtte den maritime strategien til alliansen og situasjonsforståing? Korleis kan Noreg og NATO styrkje avskrekkinga til alliansen og forsvar i regionen? Kva kan gjerast for å redusere risiko og hinder militære episodar med Russland? Kva strategi treng NATO i Nord-Atlanteren for neste møte i 2018?

Dette opne arrangementet vil ta for seg desse spørsmåla og utforske kva slags policy som kan svare på dei. Det er ope for alle så langt plassen rekk, men tilgang krev førehandspåmelding via denne sida. Vel møtt!

Program:

09.00: Dørene opnar, kaffi

09.30: Velkommen

James P. DeHart,  Deputy Chief of Mission, U.S. Embassy Oslo

Innleiing

Øystein Bø, statssekretær, Forsvarsdepartementet

Talarar

Mr. Lee Litzenberger, nestleiar ved USAs delegasjon til NATO

Timo Koster, Director of Defence Policy and Capabilities, NATO HQ

Ståle Ulriksen, Seniorforskar, NUPI og Sjøkrigsskolen

Anna Wieslander, Director Northern Europe, Atlantic Council

Ordstyrar

Bruno Lété, forskar ved det amerikanske Marshall-fondet

Speakers

Øystein Bø
Påtroppende norsk representant til det Det nordatlantiske råd.
Earle D. Litzenberger
U.S. Deputy Permanent Representative to NATO
Timo Koster
Director of Defence Policy and Capabilities, NATO HQ
Anna Wieslander
Director Northern Europe, Atlantic Council

Moderator

Bruno Lete
Transatlantic Fellow, Security and Defense, GMF

Relaterte prosjekter

Gruppebilde av deltakerne på NATO-toppmøtet i Warszawa 2016
Publikasjoner fra NUPI
2016 (Avsluttet)

NATO frem mot Warszawa - Betydning for Norge og Norden

Dette prosjektet skal bidra med nye perspektiver og forståelser i det offentlige ordskiftet i Norge knyttet til sikkerhet, kollektivt forsvar og NATO. Leveransene er en serie på tre seminarer med tilk...

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Konflikt
  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Konflikt
17 november 2016
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Oslo Militære Samfund
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Engelsk