Arrangement
Europa i endring - små stater og Europa i en epoke med globale skifter
I dag blir EU og Europa utfordra av ulike former for endringar eller kriser – eit globalt maktskifte, økonomiske kriser, tryggingspolitiske kriser i naboregionane og no også ei flyktningkrise.
Som ein del av EUNOR-prosjektet utforskar vi korleis små statar balanserer mellom sjølvstende og integrasjon i den nye europeiske og globale situasjonen. Hovudtyngda er på Noreg – og korleis landet, som ein liten stat, svarer på og tilpassar og tileignar seg dei pågåande endringane. Noregs forhold til EU er på fleire område ikkje ulikt forholdet medlemsstatane har til unionen, men frå ein formell ståstad har Noreg mindre innverknad og fleire «exit-moglegheiter». Dette gjer at det er viktig å utforske handlingsrommet på visse policy-områder som er av strategisk og økonomiskbetydning.
I dette prosjektet undersøkjer vi i kva grad små statars endra rolle også påverkar handlingsrommet deira i forhold til ulike utviklingstrekk i EU. Vår generelle oppfatning er at balansen mellom sjølvstende og integrasjon vil variere over tid, policy-felt, problem-område og institusjonelle forholdr, og at det derfor føreset ein komparativ og sektorbasert tilnærming. På denne konferansen vil vi presentere nokre av dei første forskingsresultata frå dei ulike arbeidspakkane som omhandlar EØS, energi, tryggleik og handel.
EU/EØS-minister Vidar Helgesen presenterer synspunkta sine på Europas utvikling og utfordringar. Vi presenterer også ferske resultat frå forskingsprosjektet vårt om EU og Noreg.
Konferansen er organisert som del av forskingsprosjektet EUNOR og er del av NUPIs europaseminarserie "Norge møter Europa".
Program 12.00 - 16.00
12.00-12.30: Servering av lunsj
12.30-12.40: Velkomst av Ulf Sverdrup, direktør NUPI.
12.40-13.00: Europe in transition – Norway and Europe in an age of global shifts. Innleiing av Vidar Helgesen (Norwegian Minister for European Affairs)
13.00-13.30/40: QA
1340-14.00: Kaffi
14.00-15.00: Presentasjon av forskingsresultat
14.00-14.15: WP 1 om EØS: Presentasjon av artikkel: «On the babylonish turn in Norwegian Law» (Finn Arnesen)
14.15-14.30: WP 2 om energi: Ny bok: Presentasjon av kapittel om situasjonen for norsk gass i den europeiske gassmarknaden (Jakub Godzimirski)
14.30-14.45: WP 3 om tryggleik: Ny bok: External Governance as Security Community-Building. The limits and potential of the European Neighbourhood Policy (EINP). Presentaasjon av hovudfunn og potensielle implikasjonar for Noreg (Pernille Rieker)
14.45-15.00: WP 4 om handel: Ny bok: “Conflicts of interests in Norway's trade relations”, presentasjon av kapittel om EU som handelsaktør og Noregs forhandlingar med EU (Arne Melchior)
15.00-16.00 Kommentarar & QA
15.00-15.15: Kommentarar av Kjetil Wiedsvang
15.15-16.00: Diskusjon
Hovedtaler
Møteleder
Relaterte prosjekter
Europe in transition – Small states and Europe in an age of global shifts (EUNOR)
Hvilken betydning har EU for små stater i dagens Europa?...
Norge møter Europa
Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....