Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Boklansering: Interessekonflikter i norsk handelspolitikk

NUPI har gleda av å invitere til lansering av boka "Interessekonflikter i norsk handelspolitikk"
20 oktober 2015
12:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Utenrikspolitikk
  • Norsk

I handelspolitikken er det ofte eit dilemma mellom offensive næringar som ønskjer frihandel og best mogleg tilgang til eksportmarknadene, og defensive næringar som ønskjer vern mot import. Fiskerinæringa ønskjer i dag fri handel for å auke eksporten, mens Noreg for landbruksnæringa har tollsatsar som er blant dei høgaste i verda. Korleis kan dei ulike interessene varetakast på same tid i Noregs handelsforhandlingar med andre land?

I den nye boka "Interessekonflikter i norsk handelspolitikk" (Universitetsforlaget) blir dette analysert prinsipielt, økonomisk, institusjonelt og historisk, med bidrag frå åtte ulike forfattarar frå NUPI og fire norske universitet. På lanseringsseminaret er dei fleste forfattarane til stades for å gi glima av innhaldet og svare på spørsmål, i tillegg til kommentarar frå norske styresmakter og næringsliv. Boka, som er redigert av seniorforskar Arne Melchior og NUPI-direktør Ulf Sverdrup, er eit akademisk bidrag i ein aktuell debatt, og eit innspel til utforminga av Noregs framtidige handelspolitikk. Boka inneheld eit omfattande materiale om Noregs handelsforhandlingar frå 1800-talet og fram til 2015. I historia har norsk fisk blitt bytt mot blant anna korn, konjakk og kanonar. Bør Noreg no droppe «ostetoll» for å fremje betre marknadstilgang for eksporten?. Denne boka viser korleis koplingar har blitt brukte historisk, korleis dei blir i dag nytta og korleis dei kan brukast i framtida. 

Arne Melchior og Ulf Sverdrup (red.): Interessekonfliktar i norsk handelspolitikk. Universitetsforlaget 2015. 256s.

Sjå seminaret live:

Program:

12.00-12.20: Introduksjon ved Arne Melchior og Ulf Sverdrup.

12.20-13.00: Innlegg ved Hans Otto Frøland, Ivar Gaasland, Arild Farsund, Oluf Langhelle og Lise Rye

13.00-13.10: Kommentar ved statssekretær Morten Høglund, Utanriksdepartementet.

13.10-13.20: Kommentar ved Geir Ove Ystmark, adm dir i Sjømat Norge.

13.20-14.00: Spørsmål frå salen og debatt.

Bidragsytere

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
Arne Melchior
Seniorforsker
Hans Otto Frøland
Professor, Universitetet i Trondheim
Ivar Gaasland
Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen
Arild Aurvåg Farsund
Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
Oluf Langhelle
Professor, Universitetet i Stavanger
Lise Rye
Førsteamanuensis, NTNU
Morten Høglund
Statssekretær, Utenriksdepartementet, Norge
Bård Harstad
Professor, UiO
20 oktober 2015
12:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Utenrikspolitikk
  • Norsk